Innlegg Tagget ‘video

31
jan
09

Stuck in College?

Youtube har jo blitt meir enn ei internettside i løpet av dei siste åra. På denne internettsida finn du alt frå seriøse til useriøse vloggar (video-bloggar for dei som ikkje heng med i det hippe internettspråket) til heilaftens spelefilmar i 15 delar, lagt ut på feil premissar. Men iblant alle desse tinga finn du nokre perlar.

CollegeHumor som strengt tatt har ei eiga internettside, er denne perla. Det er ein gjeng som lagar sketsjar og videoar som er riktig så festlige til tider. Eg skal ikkje skrive så mykje, eg vil berre be dykk sjå videoen under, som ekstremt bra, og samtidig seie at eg gler meg til showet deira på mtv startar. Ikkje fordi eg ser på mtv, eller i heile har tilgang til den kanalen, men sidan alt som kan lagrast digitalt som video blir lagt ut på youtube, reknar eg med at desse 6 episodane vert lagt ut.

Følg rekka av videoar. Dei har ganske mange slike sketsjar.

Ein siste ting eg ynskjer å seie (som ein liten PS, eller NB om du vil), er at “serien” deira som heiter “Hardly Working” er min favoritt. Den består av 62 videoar så det er berre å byrje.

04
nov
08

Verdien av tilbakeblikk

Her er eit sitat:

“Du minner meg om fedrene som filmer sine egne barn bli født. Allerede under opplevelsen tenker de på suvenirene. Mens ting skjer, har de allerede begynt å mimre.”

- Frå boka “en himmel full av stjerner” av Knut Nærum

Eg har nyleg hatt eit prosjekt på skulen der Knut Nærum var involvert. Av den grunn tok nytte av biblioteket. Eg reiste innom fann fram hylla, som tok alt for lang tid, og nappa med meg alt av Knut Nærum. Eigentleg nytta eg ikkje nokre av desse bøkene, men sidan eg har rett på dei ein månad, kunne eg jo lese så mange eg fekk tid til. Så eg byrja med boka eg har sitert frå, en himmel full av stjerner, som øvrig handlar om ein gjeng folk som startar ein klubb der dei kollektivt gjer seg ut for å være kjendisar. Dei kjører talkshow der folk får være med på tur. Nokre kjem på ideen med å filme det heile (dei har nemleg kamera til stades, men utan film. Det heile for å gjere det så verkeleg som mogleg.) og der kjem sitat ovanfor frå. Det er mannen bak “klubben som seier det.

Og eg må seie at han har eit meget godt poeng. Det er noko eg har tenkt på lenge som eg ikkje heilt har klart å formulere kortfatta og forståeleg. Eg har teke ein del bilete frå ein del feriar, av og til litt for mange. Det hender eg vert litt vell engasjert i å få bileta bra og gløymer å sjå på det eg tek bilete av. eg vert så oppteken av å få bra bilete av alt at det einaste eg får sjå av verda er det som kjem inn på den litle skjermen på kameraet mitt. Eg har derimot blitt litt obs på nettopp dette og forgudar ein kvart augneblink der eg kan berre sjå på noko, sleppe å fange alt digitalt, for så å kikke på det seinare.

Så mykje som eg ikkje likar å ta bilete under minneverdige augneblink, likar eg endå mindre videokamera. Det er nesten som fotoapparat, berre her mister du ein kvar sjanse til å sjå bort frå den litle LCD-skjermen. Du er fanga, og det einaste minnet du har, har du på film og. I fem eksemplarer i tillegg til at alle du kjenner har akkurat det same. Så du får ingen gode forteljingar å overraske folk med og du får ingen minner å kople filmen din til.

Tenk litt på det neste gong du vel å ta med deg fotoapparatet på ferie eller i verste tilfelle: seier ja til å filme i eit bryllaup.

13
mar
08

Ærlighet varer lengst

Eg har fått meg en ny iPod, av typen iPod touch, og prøvde i den anledning å konvertere en video til et kompatibelt format. Jeg brukte så programmet iSquint til å konvertere filmene. Dette er en veldig forenklet (gratis) versjon av VisualHub. Men er ikke det som er poenget. Poenget er at iSquint er et program som er lagd av en person med god sans for humor og lavt seriøsitetsnivå. For det skjer når du åpner programmet er (naturlig nok) at du blir spurt om du vil kjøpe VisualHub. Og svaralternativene dine er: “kjøp VisualHub” og “Nei, jeg sliter heller med iSquint”.

Det jeg også opplevde var at når maskinen var travelt opptatt med flere ting på en gang, så steg tida som var igjen for at konverteringen skal bli fullført. Så når tida hadde steget nok og den hadde passert 115 minutt kom følgende beskjed:iSquint
Se hva som står helt nederst. Mer ærlig enn det, er det ikke mulig å bli.




Kalender

november 2009
m t o T f l s
« okt    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

arkiv