Innlegg Tagget ‘Tore Renberg

07
okt
08

Æsj! 80-talet

Eg held på å lese boka “mannen som elsket yngve”. Det er rekteg så interessant, men det er egentleg ikkje det eg vil dele med dykk. Det ledar til det eg skal seie. Eg er født i 1990. Eit tidskilje. Det var den tida då 80-talet var 90-talet. Håret gjekk frå stor og krøllete til ikkje stort og krøllete. Musikken gjekk frå puddel-rock til bare rock. Alt endra seg, alt vart betre. Dette har vore mi oppfatning av årskiljet 1989/1990. Men ved å lese boka om Jarle Klepp som har handlinga si i 1990, men fortel tilbake til slutten av 80-talet. Får eg sjå at det eg trudde var reservert til 80-talet, teit hår, teit musikk, teite klede, teit slengspråk, var eit faktum på tidlig 90-talet. Du som ikkje er født på denne tida ser kanskje på meg som dum som ikkje har oppdaga dette før nå, etter 18 år. Men på grunn av at det første minnet mitt er frå når eg var 4-5 år (altså rundt 1994) så er det ikkje så rart, fordi i 1994 var 80-talet over. Det var få år til teit pop og hip-hop tok over for teit puddelrock, altså var verda endra.

Nokon vil kanskje seie “Hey! Gratulerar! Du har opplevd 80-talet!”. Men eg seier det motsette: “Off, eg er ein del av det eg alltid har vore så glad for å sleppe å være ein del av.” Men når store delar av verda si befolkning har overlevd 10 år med 80-talet må eg klare å vekse opp med etterdønningane av dette på rullebladet…

07
sep
08

Er du med? Ikkje? Ok!

Eg har relativt nylig sett “mannen som elsket yngve“, som eg er veldig positivt overraska over. Eg har i det siste fått auga opp for norsk film generelt, og lukka øyrene meir og meir for Hollywood sine spenstige påfunn.

Det har blitt sagt (riktig nok av nordmenn) at Noreg har dei beste musikkvideoane i verda, fordi det ikkje finnast pengar i musikkvideobransjen her til lands. Difor gjerast alt på dugnad, og alle gjer alt frivillig. Difor vert resultatet betre, fordi det er eit produkt av lidenskap og ikkje av pengar. Eg trur det litt likt med norsk film. Ein kan ikkje lage ein god norsk actionfilm, fordi ingen nordmenn er villige til å sette tilstrekkeleg med pengar i eit slikt prosjekt. Difor vert det det ein kallar lågbudsjettfilmar. Det synast ikkje så godt i “mannen som elsket yngve”, men om ein ser “alt for egil“, så kan ein sjå at ein burde lagt litt meir pengar i eit par ting. Men sidan nordmenn har lite pengar til film, vel dei å lage filmar som blir bra med lite pengar. Og her trur eg “mannen som elsket yngve” er eit prakteksempel.

Eg er storfan av humoren i filmen. Alle feminist-, sting- og softpopkommentarane som kjem frå Helge. Det er ein utruleg festlig rollefigur. Men best av alt er det første kapitelet, meir bestemt monologen i starten av filmen. Der kor Jarle kort oppsummerer livet sitt med alle sine negative sider. Det er knakande festlig og utruleg godt lagd til.

Ein av dei beste kommentarane til Jarle i denne monologen er den følgande:

“Alt rundt meg er heilt idiotisk. Alle jentene for eksempel, de skal til USA, og de ska bli “Au pair”, og “det ska bli så kjekt” .”

Legg godt merke til i filmen korleis han seier denne kommentaren, det er utruleg bra.

Ein anna kommentar kjem frå historielæraren som iherdig prøver å engasjere ein gjeng uinteresserte ungdomar, ved å fortelje om alt slags spenstig. Men det er den første replikken i filmen eg vil dra fram:

“Forestill dokk at menneskene kom øve åskammen der borte, såg potensialet i nærmiljøet og tenkte; Hey! Fiskatjern. God drenering. Her kan me bo.”

Det seier så utruleg lite og har endå mindre å seie for filmen sitt utfall, men likevell er det ein festlig replikk, mest på grunn av måten han seier det på og det innlagte “hey!” midt i. Ein eldre lærar som prøver så godt han kan å tilnærme seg ungdommen ved hjelp av å bruke deira språk og uttrykk…




Kalender

november 2009
m t o T f l s
« okt    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

arkiv