Nå er eg utruleg klar for ein ny mac. Det er bare å vente til det rette tidspunktet for et kjøp.
Eg skal kjøpe ein MacBook med 2,4GHz.
Denne tilbyr eit bakgrunnsbelyst tastatur, ein 13″ tommers skjerm og eit mektig fint aluminiumdesign. Eg kjem til kjøpe den med ein harddisk på 250GB og 2GB DDR3 RAM, som er det er billigaste konfigurasjonen. Eg ynskjer nemleg å oppgradere dette sjølve. Det som er så nydeleg er at dette går fint, utan å bryte garantien, samtidig som det er skremmande lett. Eg skal oppgradere frå 250GB og 5400rpm til 500GB og 7200 rpm, noko som gjer at ting vil gå mykje fortare. RAM, kjem eg nok til å oppgradere ved eit seinare tidspunkt. Håpet er at eg kan putte meir enn 4GB RAM i han ein gong, det hadde vore kult.
Det har seg nemleg slik at om eit par månadar kjem eit Mac OS ut, med kodenamnet “Snow Leopard”. Det som seiast er at dette vil gå raskare og glattare enn tidligare OS, noko som ikkje er å forakte. Difor er eg villig til å vente. Sjølv om det er lenge. Apple har og gått ut og skrytt av sin nye 64-bits teknologi. Den skal gjere det mogleg med usannsynleg mykje RAM. Og det er ikkje å forakte. Det er to tidspunkt som er aktuelle for lanseringa av “Snow Leopard”; 8. Juni og ein gong i September. Heilt ærleg trur eg det kjem i september, men det hadde vore kult om det kom i juni. Då hadde eg vorte glad!
For som eg har sagt så ofte før, eg saknar laptopen min. Det er noko anna å sitte ved ein stasjonær PC, enn med ein liten liten og nett mac på fanget i stova. Nettsurfing vert ikkje det same.
Kommentarer