Innlegg Tagget ‘politikk

25
nov
08

Useriøsitet med ein “dæsj” av seriøsitet

Historie er til tider hysterisk og tåpelig.

Den nye skulereformen seier at me i faget historie må lære å bruke, henvise og analysere kjelder. Ei kjelde er altså noko som kjem frå den aktuelle tida. Året er 1901 og dei første kvinnene får sin røysterett på komunevalet. I 1907 seier Ole Olsen Malm sine meininger om saka:

“Sterkt hjenearbeid forårsaker hos kvinnene ikke bare illebefinnende, men gjør henne direkte syk.
(…)
I det franske Académie des sciences (…) har en forsker undersøkt hvilken kraftanvendelse det skal til for en voksen mann å tale i en større forsamling i en time (…) Det gikk med 200 kilogrammeter for en mann. Men en kvinne brukte ikke mer enn 50 kilogrammeter. Altså – med den samme anstrengelse kunne hun tale i 4 timer, som en kunne tale i en time. Nå – denne undersøkelse er i høyeste grad interessant fordi den viser hvor liten verdi det er i dette timelange snakk når det ikke er støttet av åndelig tyngde.
(…)
Alle fremskritt er hittil gjort av menn. Så hva ville vi oppnå hvis kvinnene skulle bli valgt inn i Stortinget?
Å gi kvinnene stemmerett og valgbarhet og å gjennomføre dette systemet i praksis etter dets konsekvenser vil simpelthen være å begå nasjonalt selvmord.”

- Fra en artikkel i Aftenposten 01.11.2003 av Solveig Ruud eller i “arbeidsportal eldre og nyere historie” s. 125

Så kva har me lært? At kvinner blir sjuke av å bruke hjernen, stakkar. At om du har ein sjuk verdi som ser ut til være sann, så er det bare å backe det opp med forskning frå eit franskt akademi. At du må bruke mange kilogrammeter (kva nå enn det er for eit mål) for at det du seier skal ha noko betydning. At sidan menn har gjort alt til no, kan umogleg kvinnene føye til noko. Og til slutt, at om kvinnene får stemmerett vill nasjonen vår gå under. Om han med å gå under, tenker på fullt av feministar, ei statskyrkje som aksepterer homofili og ein gjeng med prestar som vil velsigne eit homofilt partnarskap/ekteskap, så har han kanskje rett på den siste delen, men eg er rimelig sikker på at kvinner ikkje vert sjuke av å tenke.

Men ingen kan krangle på at snakkinga går lettare hjå kvinner enn hjå menn!

30
sep
08

“Den amerikanske våpenkonflikten”


Mannen på bildet heter Peter Cosgrove, er australsk og major general, derav tittelen “Major General Peter Cosgrove”, noe er passende å kalle ham på grunn av at han er uniformert. Han har bestemt seg for å sponse ein speidartropp som i same anledning skulle besøke hans militære hovudkvarter. Ein reporter frå ABC intervjua han om dette. Samtalen får ein litt uventa vending som visar seg å gje reporteren eit nytt perspektiv på eit par ting. Her kjem eit utdrag av radiointervjuet:

PS: det er litt essensielt å vite at reporteren er kvinneleg.

REPORTER:
So, General Cosgrove, what things are you going to teach these young boys when they visit your base?

GENERAL COSGROVE:
We’re going to teach them climbing, canoeing, archery and shooting.

REPORTER:
Shooting! That’s a bit irresponsible, isn’t it?

GENERAL COSGROVE:
I don’t see why, they’ll be properly supervised on the rifle range.

REPORTER:
Don’t you admit that this is a terribly dangerous activity to be teaching children?

GENERAL COSGROVE:
I don’t see how. We will be teaching them proper rifle discipline before they even touch a firearm.

REPORTER:
But you’re equipping them to become violent killers.

GENERAL COSGROVE:
Well, Ma’am, you’re equipped to be a prostitute, but you’re not one, are you?

Historien seier at det ble stille på radioen etter dette…

07
sep
08

Er du med? Ikkje? Ok!

Eg har relativt nylig sett “mannen som elsket yngve“, som eg er veldig positivt overraska over. Eg har i det siste fått auga opp for norsk film generelt, og lukka øyrene meir og meir for Hollywood sine spenstige påfunn.

Det har blitt sagt (riktig nok av nordmenn) at Noreg har dei beste musikkvideoane i verda, fordi det ikkje finnast pengar i musikkvideobransjen her til lands. Difor gjerast alt på dugnad, og alle gjer alt frivillig. Difor vert resultatet betre, fordi det er eit produkt av lidenskap og ikkje av pengar. Eg trur det litt likt med norsk film. Ein kan ikkje lage ein god norsk actionfilm, fordi ingen nordmenn er villige til å sette tilstrekkeleg med pengar i eit slikt prosjekt. Difor vert det det ein kallar lågbudsjettfilmar. Det synast ikkje så godt i “mannen som elsket yngve”, men om ein ser “alt for egil“, så kan ein sjå at ein burde lagt litt meir pengar i eit par ting. Men sidan nordmenn har lite pengar til film, vel dei å lage filmar som blir bra med lite pengar. Og her trur eg “mannen som elsket yngve” er eit prakteksempel.

Eg er storfan av humoren i filmen. Alle feminist-, sting- og softpopkommentarane som kjem frå Helge. Det er ein utruleg festlig rollefigur. Men best av alt er det første kapitelet, meir bestemt monologen i starten av filmen. Der kor Jarle kort oppsummerer livet sitt med alle sine negative sider. Det er knakande festlig og utruleg godt lagd til.

Ein av dei beste kommentarane til Jarle i denne monologen er den følgande:

“Alt rundt meg er heilt idiotisk. Alle jentene for eksempel, de skal til USA, og de ska bli “Au pair”, og “det ska bli så kjekt” .”

Legg godt merke til i filmen korleis han seier denne kommentaren, det er utruleg bra.

Ein anna kommentar kjem frå historielæraren som iherdig prøver å engasjere ein gjeng uinteresserte ungdomar, ved å fortelje om alt slags spenstig. Men det er den første replikken i filmen eg vil dra fram:

“Forestill dokk at menneskene kom øve åskammen der borte, såg potensialet i nærmiljøet og tenkte; Hey! Fiskatjern. God drenering. Her kan me bo.”

Det seier så utruleg lite og har endå mindre å seie for filmen sitt utfall, men likevell er det ein festlig replikk, mest på grunn av måten han seier det på og det innlagte “hey!” midt i. Ein eldre lærar som prøver så godt han kan å tilnærme seg ungdommen ved hjelp av å bruke deira språk og uttrykk…




Kalender

november 2009
m t o T f l s
« okt    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

arkiv