Innlegg Tagget ‘nynorsk

02
jun
09

Are Kalvø

Are Kalvø skriv ganske tidsaktuell litteratur.

Me har eit par Bøker frå han i hyllene, så eg raska med meg ei for lese litt nynorsk, før tentamen. Boka eg fann var men fjernkontrollen min får du aldri, fordi det var den kortaste eg ikkje hadde lese frå før av. Men eg kom ikkje så langt. For det første var halvparten av det las på bokmål (!) og for det andre handlar boka om media, anno 1997. Det året var eg sju år og travelt oppteken med å underhalde meg sjølve, medan eg lærte om krokodillemunnar, pluss og minus. Det falt meg aldri inn å hugse kva dei forskjellige ministrane heite, eller kven dei vanlege reporterane i NRK og TV2 var. Så når eg skulle lese denne boka, gav eg altså til slutt opp. Så Are Kalvø, du skriv mykje bra, du er genial i det du gjer, du skriv veldig mykje morosamt, men du er dessverre ikkje tidlaus.

28
mai
09

RSS, startsider, “google” og nynorsk

Eg nå fått fingeren ut og byrja med RSS. Eg fann ut at ve hjelp av Google Reader var vegen mykje kortare. Det tok meg bokstavlig talt under fem minutt å legge alle sidene eg jamt besøker til i “feeden” eller kva det heiter. Så RSS er ein fin ting, så lenge eg kan bruke det i nettlesaren min. Det einaste eg saknar er muligheita for å få mine abonnement frå youtube som RSS. Det hadde vore fint. Eg saknar og diverse forum med RSS, men det er gjerne litt vanskelegare, sidan ingen (så vidt eg veit) har gjort det.

Etter litt desperasjon fann eg her ein dag ut at eg trong fleire startsider i nettlesaren min, min kjære firefox. Så kva gjorde eg? Eg søkte sjølvsagt etter ein plugin, som det fins eit par av, men fann ingen gode løysingar for 3.x versjonen av firefox. Så då venda eg auga til google og fekk svar. Du legg berre alle URL-ane du ynskjer å ha som startsider, etter kvarandre, i voksen der du legg startside-linken. Den einaste forskjellen er at du må skilje dei med “|”. Så nå har eg tre: gmail, Google Reader og Kickback.no. Ikkje særs vanskeleg.

Eg støtte og på ei interessant side her ein dag. Sida heiter “let me google that for you” og gjør nettopp det, googler ting for deg. Sida er nok meint som ein slags forumspydigheit. Som eit slags bevis på det fins dumme spørsmål på nettforum. Å få denne i fleisen etter at du trur du har stilt eit bra spørsmål, er ikkje særs kult. Ein føler seg ikkje berre dum, men direkte tåpelig. Eg snakkar delvis av erfaring: Eg spurte IT-læraren min om noko ein gong, noko han hadde gått gjennom, men som eg ikkje hugsa heilt. Då kom han stille bort, opna google og søka det fram. Då følte eg meg rimeleg dum. Eg hadde gløymt IT-klassen sitt første bod: Google it!

Eg beklagar at målformene vert litt blanda for augeblinken, men eg hatt eksamen i bokmål i dag og er innstilt på det. Men byrja denne posten på nynorsk, så då vart det slik. Ein faktor er sjølvsagt klokkeslettet. Og som ein sideinformasjon, kan dette fort bli den siste posten på nynorsk. Eg tviler eigentleg, men grunnen til at eg vekslar er fordi når du går på skule, treng du å beherske begge like godt. Så det har eg klart, mest på grunn av bloggen. Men tross alt, naturleg nok, skriv eg lettare på bokmål, enn på nynorsk. Eg trur i grunnen ordforrådet mitt er større på bokmål, enn på nynorsk. Likevel har eg hatt nynorsk som hovudmål i 12 år og ville nok hatt det framleis, hadde det ikkje vore for at universitetet drit i målformer og likestilling og slikt. Det er eit prinsipp. Så frå nå av, dei gongene eg skriv på nynorsk, er det berre for å drive hekkan.

14
mai
09

Faktisk gler eg meg litt til eksamen.

Ahh, eg gløymte det nesten heilt av!
I dag fekk me vite kva me ska ha (skriftlig) eksamen i.
Og eg fekk dei beste faga nokon gong, ut frå kva eg kunne kome opp i.

Eg må jo ha eksamen i hovudmål (nynorsk) også trakk eg sidemål (bokmål (og ja, det er trekkfag etter ny reform)) og IT.

Eg har fått den gåve å briljere i norsk, når det gjeld tentamenar, stilar og slikt. Eg har femmar i både nynorsk og bokmål (betre i bokmål, men ein femmar er ein femmar), så dei eksamenane reknar eg med vil gå fint. Det einaste er denne fagtekst-skrivinga. eg må sitere meg sjølv:

“Ke æ de me at staten jobbe så utruli hart for å gjer tentamen kjedelige?”

For kvar forsvann novellene? Til nøds kan me få skrive eit essay, noko som eg tykjar er himmelsk, men andre har delte meiningar om dette. Fagteskt er eit påfunn i håp om at norsk ungdom skal lære seg litteraturhistorie. Men eg plar å smyge meg unna med ein analyse av eit eller anna. Det er rimeleg enkelt. Eg håpar berre ikkje læraren min er grei og gir meg gode karakterar. Men eg trur ikkje det…

Apropos IT-eksamen, så er det berre betre. I IT hadde eg ein 6-er i fjor og trur eg får det i år og, basert på prøvar og liknande. Men her kjem det veldig ann på oppgåva me får. Eg kjem nok til å takle det meste, men eg er ikkje ein veldig effektiv arbeidsmann. Eg likar å ta meg god tid og gjere ting skikkelig. Så fem timar kan bli litt lite. Men vil tida vise.

Eg er i alle fall evig takknemleg for at eg slapp å komme opp i fysikk (skriftleg i alle fall), så viss eg kjem opp i historie eller religion munnleg, veit eg ikkje kvar eg skal gjere av meg. Og på frå fredag har eg fri heilt til 25. mai, når første eksamen byrjar. Høyrast kanskje litt freaky ut, men eg gler meg til å sjå kva oppgåver me får. Desse kjem jo direkte frå høgaste hald, og ikkje frå lærarstaben på Tryggheim (no offence).

Livet er godt i dag!




Kalender

november 2009
m t o T f l s
« okt    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

arkiv