Innlegg Tagget ‘kristendom

13
jan
09

Viste du dette?

Nyleg har eg byrja å lese Narnia. Eigentleg er det ei stund sidan, og eg kome ganske mykje lengre enn byrjinga. Eg har lese dei 5 første (av 7) bøkene. Dei fleste som er relativt unge og kallar seg ein kristen har fått med seg att bak Narnia ligg eit kristent bodskap. Det er endå meir tydeleg enn i Ringenes herre som kanskje er meir kjend for dette og som film generelt.

Men når eg heilt nyleg las ferdig den femte boka fekk eg eit ganske unikt møte med Gud. For det som er faktum er at i den første boka blir løva framstilt som Jesus, og døyr for folket i Narnia. Og dette biletet vert ikkje endra utover i dei andre bøkene. Løva er og blir eit bilete på Gud, Jesus og den heilaga ande. Men altså i denne femte boka med namn: Reisen til det ytterste hav, heilt på slutten, spør Lucy (som dei fleste kjenner til) Aslan eit spørsmål som leier til følgjande dialog:

“Vær så snill, Aslan,” sa Lucy, “før vi reiser, kan du fortelle oss når vi kommer tilbake til Narnia igjen? Vær så snill. Og la det ikke bli altfor lenge til.”
“Kjære dere,” sa Aslan mildt, “du og broren din skal aldri komme tilbake til Narnia.”
“Å, Aslan!!” sa Edmund og Lucy fortvilet i munnen på hverandre.
“Dere er for gamle, barn,” sa Aslan, “og dere må begynne å komme nærmere deres egen verden nå.”
“Det er ikke akkurat Narnia.” hikstet Lucy. “Det er du. Vi kommer ikke til å møte deg der. Og hvordan kan vi leve når vi ikke får møte deg igjen?”
“Men du kommer til å møte meg, kjære deg,” sa Aslan.
“Er – du der også?” sa Edmund.
“Det er jeg,” sa Aslan, “men der har jeg et annet navn. Dere må lære å kjenne meg ved det navnet. Selve grunnen til at dere ble ført til Narnia, var at dere kan kjenne meg bedre i deres egen verden når dere har kjent meg her for en liten stund”

- Sitat frå “Legenden om Narnia – Reisen til det ytterste hav”, side 568.

Einaste måten han kunne sagt det meir tydeleg på var med store bokstavar som sa “EG ER GUD!”. Og akkurat dette som skjer her, der CS. Lewis knyttar Gud og Aslan saman som same person i to forskjellige univers, bringer heile historia, frå start til slutt, til eit heilt nytt nivå. Eit nivå me ikkje kan førestille oss, men som CS. Lewis har prøvd så godt han kan å beskrive. Prøv å tenke deg korleis det er å stå ansikt til ansikt med Gud, kikke han inn i augo og kjenne varmen han gir. Eg klarar ikkje tenkje på anna enn kor utruleg gode predikantar desse fire barna: Peter, Susan, Edmund og Lucy, måtte blitt.

Det er kult at ei av dei meste kjende forteljingane for barn har eit så sterkt og direkte band til Gud.

Gud er stor og han er verkelig over alt! (og ja setninga var tvetydig) Til og med i bøker!

30
des
08

Himmelen

“Tenk Sven, kor godt det skal bli i Himmelen”

- Sitat frå songen “Ompa til du dør” av Kaizers Orhcestra (tekst/musikk: Janove Ottesen)

Ja, tenk…

21
des
08

Kort om Juleevangeliet

Folk masar heile vegen om at dei har så frykteleg dårleg tid. At det det er stress med jul og alt er så travelt. Eg klarar ikkje sjå det. Det gjelde bare å ikkje la seg stressa, tenka at køen går ikkje fortare om eg har det meir travelt og ser sur ut og beint fram ta det litt med ro. Men på grunn av at det finst folk her i verda som er konstant stressa, og det fordi om dei ikkje er det kjedar dei seg, har eg lagd ein kortversjon av Juleevangeliet. For dei som har litt dårlegare tid.

Maria og Josef reiser til Betlehem for å skrivast inn i manntal, men får ikkje husrom, så Jesus vert født i ein stall. Englar fortel hyrdane at Jesus er født. Englane seier: “I dag er det født dykk ein frelser i Davids by; han er Messias, Herren.” Hyrdane vitjar Jesus fortel Maria det dei veit. Maria tek vare på orda i hjarta sitt.
På åttande dagen vart han gitt namnet Jesus som engelen hadde sagt.

Det er ein kortversjon, men sjølve juleevangeliet er ikkje særs langt det heller. Så om du ikkje har lest det, les det og om du har lest det, les det ein gong til. Her er det, Lukas 2, 1-21 for dei som ikkje viste det.




Kalender

november 2009
m t o T f l s
« okt    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

arkiv