Eg likar å spele på klisjear, derav er tittelen på engelsk. Håper de jamvel forstår det.
Apple er som den utruleg flotte jenta som alle ynskjer å vere med, men som ingen liker. Kanskje litt vondt sagt, for jenta, men slik er det. Apple har sine gode sider som sjokkerer og imponerer dagleg. Eg kan ikkje anna enn å sjå på min eit år gamle ipod touch og forundre meg over kvaliteten. For det første er den nydeleg å sjå på med software som er så brukarvenleg at det er ein draum å bruke. Eit år har han vart, og ikkje ei skrape er det kome i skjermen. Her ein dag måtte eg spørje meg sjølv om dette var noko Apple hadde patent på, i og med at nokia-telefonen min etter fire månadar har ein skjerm full av skraper. Eg har tre krav til produkta mine:
- Brukarvenlighet
- Kvalitet
- Design
Og som du kanskje har gjetta, oppfyller Apple alle desse krava samtidig som dei krydrar med praktiske funksjonar som ikkje er i vegen, men som forbetrar brukaropplevinga og brukarvenligheten. Men kvifor hatar eg Apple?
Fordi produkta deira er dyre, blir berre selde av gitte forhandlarar og firmaet har ein historie full av umoral og anna tull og tøys. Men prisen kan eg ikkje krangle på, eg vil jo ha kvalitet, samtidig som eg masar om billegare varer. Er det ikkje dobbeltmoral det kallast? Og desse gitte forhandlarane er ikkje så avgrensa som dei var i 2006 då eg kjøpte min powerbook. Nå kan du få kjøpt imac og macbook pro på elkjøp om du vil. Og umoralen skal eg klare å sjå utanom, dei har tross alt lansert ein god del red products opp igjennom tidene. Og har me ikkje lært å tilgi?
Så eg kan vel eigentleg slå fast eg elskar Apple. Eg trur berre eg hatar dei som ikkje prioriterer Apple, som for eksempel slik spelindustrien har gjort i fleire årrekkjer. Og på grunn av at eg hatar noko som står så nært Apple smittar hatet. Men som folk stadig seier: Hat er eit frykteleg sterkt ord. Nei, Apple er ikkje den fine jenta som alle vil vere med, men som ingen liker. Apple er jenta som du fell for, som fangar deg og tek deg med til ei verd der ingenting ho gjer er galt. Ho har så utruleg mange positive sider at dei få negative, uansett kor store, ikkje vert eit problem å tilgi.
Det som derimot er ironisk er at eg skriv dette på ein Windows-maskin og eg er ikkje sexist (er det ikkje det det heiter?). Eit bevis på det er at eg sletta det eg hadde tenkt å skrive og bytta det ut med “Windows-maskin”…

Kommentarer
MandarinenKlementinenMandarinenKlementinen