Innlegg Tagget ‘fysikk
Relativitet
Hei, eg er Geir
Eg har kome inn på TRES-mekatronikk på UiA i Grimstad.
Eg har møteplikt 29. Juni, kor eg skal møte opp i Grimstad, seie: “Hei, eg er Geir.” Og avslutte det heil med litt sosialt saman med mine kommande medstudentar, før eg tek turen heim igjen.
Neste gong eg må møte opp og seie: “Hei, eg er Geir.” Er 17. August. Då byrjar ting på skikkeleg.
Det er litt skremmande å tekne på kva eg hiv meg uti. Tre år gjennomsyra av matte og fysikk, der det første mest truleg vil vere det vanskelegaste skuleåret mitt nokon gong. Men eg vel å stole på at det er her Gud vil ha meg, og han har ein plan. Min plan er å få ein god og regelmessig studieteknikk, men det var målet mitt for vidaregåande og. Filosofien eg endte opp med på vidaregåande var: “Jajaja. Det går nok godt…” Min lærar på ungdomsskulen kalla dette “dbbs-metoden”, som er kort for det bare blei sånn. Dette var i samband med skriving av ein tekst, og kor lurt det er å bruke tankekart, berre tankekart, for å få eit best mogleg resultat. Men eg skal ikkje uttale mine meiningar om det.
Så har eg berre igjen å gle meg til hausten og håpe på at eg står i alle mine fire eksamenar. Om eg ikkje gjer det, er det liten vits å møte opp i Grimstad og gaule: “Hei, eg er Geir!”
Fysikk i høggir
Eg har nå kome heim frå London. Eg har vore fem dagar i England og opplevd diverse ting.
Men London har folk høyrt om før, så eg tenkte å fortelje om ein av dei desidert merkeligaste opplevingane eg har hatt. Det skjedde i den litle byen Cambridge, eit godt stykke utfor London.
Me var på realfagstur og måtte gjere noko fagrelatert. Eigentleg skulle me få omvising på universitetet i Cambridge, men det vart det ikkje noko av, så dagen gikk med på å drive gatelangs i denne gamle byen. Men utpå kvelden var det innlagt eit foredrag om fysikk som me skulle høyre på. Namnet på foredraget var “Quantum Animalis and the Origin of Time” og seier deg kanskje ikkje så mykje, men det gjorde det ikkje med meg heller. Så me gjekk med latter i munnen for å delta og tenkte at dette kunne jo meir festlig enn interessant.
Foredragshaldaren het Shahn Majid og var tidligare professor ved Cambridge University.
Men det som viste seg var at det var veldig interessant. Me fekk delta i ei undervisning som ikkje seier SLIK ER DET! Men heller dette er min teori og du er hjertelig velkommen til å motbevise den. Det ble fortalt at vår urgamle oppfatning av tid som kronologisk og flytande er feil, noko som Einstein beviste. Men ingen har sidan det funne ut kva tida er, difor har me klynga oss til vår lineære tidsrekning. Ikkje berre fordi det er det me er vane med, men fordi dette fungerer best i forhold til resten av matematikken. Men på grunn av dette, viss me skal finne ein ny måte å tenke tid på, må me finne ein ny måte å rekne på. Tid blir sett på som noe som kan ferdast gjennom, slik som rom. Men som Shahn Majid sa, kan ein utføre tidsreiser, det går berre ikkje ann å kontrollere det.
Men om du har ein tenkande hjerne og tykjar dette høyrtes interessant ut, kan du gå til anskaffelse av “On Space and Time” av Shahn Majid.
Han hadde og nokre interessante tankar om tru, men det er ei anna forteljing.

Kommentarer