En av mine største tegneserieøyrblikker startet som følger:
Familien Kirkeby skulle ta seg ut på sin lengste skitur (den gong) saman med ein god ven og eit søskenbarn. Turen gjekk frå Mostøl til Ådneram. På vegen til startstaden stoppa me på ein bensinstasjon, for å, naturleg nok, fylle bensin. Dette er eit av dei augneblinkane eg hugsar veldig godt, derfor synes eg det er rart at eg hugsar me stoppa på “Statoilen” på Ålgård, noko som er urimeleg i og med at Mostøl er nordover. Men uansett, her kjøpte far noe å lese, ei bok av Tom Clancy med namn Red Rabbit, og vi fikk tileigne oss siste utgåve av Pondus. I dette bladet var det vedlagt ei bok med noko nytt japansk tegneserieopplegg (aka. Manga), uinteressant i forhold til Pondus, men sidan Pondus er kjapt å lese gjennom kasta me alle oss over denne litt tjukkare “boka” etter kvart.
Den første som starta på boka var den nemnde venen. Han starta men tok ikkje heilt samanhengen. Han leste halve boka før såg kor lite meining boka gav. Når me seinare kom fram til der me skulle sove for natta fekk eg ta for meg denne boka. Eg starta likt som førstemann, men på første side fekk eg klar beskjed om å snu boka og begynne frå andre enden. Grunnen var at i Japan les ein teikneseriane grovt sagt motsett av korleis ein gjer i Noreg. Så dette gjorde eg, det tok litt tid å bli van til det til å begynne med, men etter kvart gjekk det som smurt.
Nå har eg lest heile serien. Det er i alt 42 bøker på rundt om 150 sider. Bøkene heiter “Dragonball” og er mogleg lagd for eit litt yngre publikum enn meg, men Akira Toriyama har riktig god sans for humor og lager interessante teikningar med spenstig handling.
Noko meir har eg ikkje å seie, eg er berre litt imponert over kor tilfeldig eg støtte på denne serien om ein liten gut som veks opp på jorda for til slutt å bli den sterkaste og beste kampsportkjempa i universet som reddar jorda gong på gong og universet eit par gonger innimellom. Han har vore på besøk hjå Gud fleire gonger enn eg har vore utanlands og vore død litt for mange gonger. Det høyrast teit ut, men det er faktisk festleg og fengslande.
Kommentarer