Innlegg Tagget ‘Amerika

04
mai
09

Opp

Internett er ein fin ting. For få dagar sidan bestillte eg “Pixar – the ultimate collection“. Den er dessverre ikkje så ultimat, fordi den manglar Wall-E, men det går fint. Pixar er eit studio som driv med animasjon og har laga ei rekkje filmar som du sikker har sett. Eg personleg har verkeleg fått sansen for Pixar. Grunnane er enkle: (1) animasjonen er fenomenal, den slår mykje anna og (2) humoren er i ein klasse for seg sjølve. Pixar har gjennom sine siste filmar servert ein humor eg likar.

Eg må seie at ein av mine favorittar er Monsterbedriften, som er ein av dei betre filmane eg veit om. Den litle jenta (som vert kalla “Bø”) er noko av den beste animasjonen eg har sett. Ein meir livaktig og rørande animasjon finst nok ikkje. I tillegg er det humor, stemning og fråvær frå klisjear og dårlege moralar. Wall-E er eit anna eksempel på god humor og god stemning, men eg skal ikkje skrive meir om den.

I slutten av Mai kjem ein ny Pixar film, med det innvikla namnet Up. Eg gler meg litt. Det vert spannande å sjå om Pixar klarer å ta verda med storm, nok ein gong, slik som med forrige film. Det vert spannande å sjå kva dei ynskjer å seie oss denne gongen Eg må dessutan seie at eg vart overraska fyste gongen eg såg traileren, på tross av alle varslar:

Vart du overraska?

30
sep
08

“Den amerikanske våpenkonflikten”


Mannen på bildet heter Peter Cosgrove, er australsk og major general, derav tittelen “Major General Peter Cosgrove”, noe er passende å kalle ham på grunn av at han er uniformert. Han har bestemt seg for å sponse ein speidartropp som i same anledning skulle besøke hans militære hovudkvarter. Ein reporter frå ABC intervjua han om dette. Samtalen får ein litt uventa vending som visar seg å gje reporteren eit nytt perspektiv på eit par ting. Her kjem eit utdrag av radiointervjuet:

PS: det er litt essensielt å vite at reporteren er kvinneleg.

REPORTER:
So, General Cosgrove, what things are you going to teach these young boys when they visit your base?

GENERAL COSGROVE:
We’re going to teach them climbing, canoeing, archery and shooting.

REPORTER:
Shooting! That’s a bit irresponsible, isn’t it?

GENERAL COSGROVE:
I don’t see why, they’ll be properly supervised on the rifle range.

REPORTER:
Don’t you admit that this is a terribly dangerous activity to be teaching children?

GENERAL COSGROVE:
I don’t see how. We will be teaching them proper rifle discipline before they even touch a firearm.

REPORTER:
But you’re equipping them to become violent killers.

GENERAL COSGROVE:
Well, Ma’am, you’re equipped to be a prostitute, but you’re not one, are you?

Historien seier at det ble stille på radioen etter dette…

29
jun
08

New York, New York

Eg har den siste veka sett dei to filmane Cloverfield og I am Legend. Begge er litt spesielle, riktig nok den eine meir enn den andre, men begge på kvar sin måte. Men eg må seie at dei var bra, riktig nok den eine meir enn den andre, men begge på kvar sin måte.

Konklusjonen min er:
Hold god avstand frå Manhattan!




Kalender

november 2009
m t o T f l s
« okt    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

arkiv