Eg har det siste halvåret fått ei veksande interesse for atomvåpen. Eg er i grunnen lite fascinert over korleis dei fungerer eller kva resultatet er, men kor mange av dei det har vore og framleis er. Det at ei regjering eingong kan vurdere å skaffe seg ei bombe som kan utslette eit heilt land i eit smell.
Det heile byrja for mange år sidan då eg las ein artikkel i Illustrert vitenskap om bombinga av Hiroshima og Nagasaki. Det var her eg fyrste gongen såg kva innverknad atombomba hadde på folk, natur og liv generelt. Eg las at bomba skulle detonerast rundt ein kilometer over bakken for størst effekt. Det ville gi størst spreiing. Eg las og at i den inste delen av radiusen rundt eksplosjonen vart alle menneska borte, alt som var igjen var skuggar på veggane og haugar med aske. Eg las at folk utanfor denne radiusen vart så brende at dei anten døyde av såra, vassmangel eller det at dei hoppa uti elven i byane. I artikkelen frå Illustrert vitenskap er det eit par utdrag frå forteljingane til ein av dei overlevande. Han fortel at folk som vart brende vart så redde og fekk panikk å grunn av smerta at dei hoppa uti elvene, men på grunn av at vatnet var radioaktivt og dei ikkje hadde mykje armer igjen å symje med, drukna dei fleste. Det var dette inntrykket eg fekk. USA som stormakta som merka eit land, eit folk og fleire millionar menneske i det dei gjorde det, men og i ettertid. Det er ei frykteleg historie.
No i seinare tid kan eg framleis namnet på bombene: Little Boy og Fat Man.
Interessa kom sjølvsagt igjen når me no byrja med den kalde krigen i faget nyare historie. Midt oppi dette har eg fått nær kjennskap til dataspelet “Fallout 3″ (og spelserien generelt) og teikneserien og filmen med namnet Watchmen. Begge to handlar om den kalde krigen og atomkonflikten. Dette er jo og begge deler oppdikta scenario, men det som er så trist er at ettersom dagar passerer ser eg meir og meir av kor nært scenarioet i Fallout var å bli røyndom. Det forferdelige er at USA testa atombomba for se verknadane og fekk sjå kva som skjedde. Dei fekk det på film, og det er nok det mest kjende filmklippet frå ein atomeksplosjon.
Alle som har lært om den kalde krigen på skulen veit vell kva USA og russarane dreiv på med. Dei hadde eit kappløp i omtrent alt. Begge landa proppa seg fulle bunkersar, skjulte militærbasar og sikring overfor motparten. Det som fascinerer meg kor lite me faktisk veit om kva desse landa gjorde på dei snaue 40 åra dei konkurrerte. Nokre meiner at USA oppdaga romvesen, nokre meiner dei fant ein kube som gjømmast i Hoover demninga. Men det me veit er at dei lagde og utplasserte og armerte eit uvisst tal med atombomber. Det som er omdiskutert er kor mange det var, kor mange som vart fjerna og kor mange styresmaktene aldri fortalte nokon om. Det er slike rykter som folk lagar Hollywoodfilmar om. Så på ein måte fascinerer det meg, men på ein annan måte skremmer det meg. Verda sit på fleire tusen av eit våpen med verknadar som er umenneskelege.
The release of atom power has changed everything except our way of thinking…the solution to this problem lies in the heart of mankind. If only I had known, I should have become a watchmaker.
- Albert Einstein (via)
Det er eit sitat frå Einstein som seier ganske mykje. Kanskje kommer alle desse tankane og fascinasjonane av at eg over relativt kort tid fekk ei gryande interesse for to overveldande verdner om same tema, med ein liten bit sanning og realisme eit langt stykke bak i forteljinga. Og at dess meir eg lærer om atomkraft og kalde krigar, dess meir underhaldning og glede ser eg gjennomføringa av desse scenarioa. Eller så er denne filosofiske konklusjonen og heile denne fascinasjonen berre ein motstand mot mi ubevisste “skap-poilitisk-aktiv-side”, noko eg i alle tider har hatt totalt fråvær av.
Kommentarer