Eg har nå kome heim frå London. Eg har vore fem dagar i England og opplevd diverse ting.
Men London har folk høyrt om før, så eg tenkte å fortelje om ein av dei desidert merkeligaste opplevingane eg har hatt. Det skjedde i den litle byen Cambridge, eit godt stykke utfor London.
Me var på realfagstur og måtte gjere noko fagrelatert. Eigentleg skulle me få omvising på universitetet i Cambridge, men det vart det ikkje noko av, så dagen gikk med på å drive gatelangs i denne gamle byen. Men utpå kvelden var det innlagt eit foredrag om fysikk som me skulle høyre på. Namnet på foredraget var “Quantum Animalis and the Origin of Time” og seier deg kanskje ikkje så mykje, men det gjorde det ikkje med meg heller. Så me gjekk med latter i munnen for å delta og tenkte at dette kunne jo meir festlig enn interessant.
Foredragshaldaren het Shahn Majid og var tidligare professor ved Cambridge University.
Men det som viste seg var at det var veldig interessant. Me fekk delta i ei undervisning som ikkje seier SLIK ER DET! Men heller dette er min teori og du er hjertelig velkommen til å motbevise den. Det ble fortalt at vår urgamle oppfatning av tid som kronologisk og flytande er feil, noko som Einstein beviste. Men ingen har sidan det funne ut kva tida er, difor har me klynga oss til vår lineære tidsrekning. Ikkje berre fordi det er det me er vane med, men fordi dette fungerer best i forhold til resten av matematikken. Men på grunn av dette, viss me skal finne ein ny måte å tenke tid på, må me finne ein ny måte å rekne på. Tid blir sett på som noe som kan ferdast gjennom, slik som rom. Men som Shahn Majid sa, kan ein utføre tidsreiser, det går berre ikkje ann å kontrollere det.
Men om du har ein tenkande hjerne og tykjar dette høyrtes interessant ut, kan du gå til anskaffelse av “On Space and Time” av Shahn Majid.
Han hadde og nokre interessante tankar om tru, men det er ei anna forteljing.
Kommentarer