19
feb
09

Macen min krasja!

Det ser ut som om det er høgsesong for øydelagde datamaskinar. Folks PC-ar krasjar dagleg, ting skjer, filer forsvinn og skjermar vert svarte. Det er ikkje lett å leve i ei digital verd. Folk hadde ikkje problem med slikt før. Kyr krasjar ikkje. Dei vert sjuke, men dei vert og friske igjen. Spader brekk og vert bøygde, men folk laga berre nye skaft. Bilar er vell det som er mest kjent for å krasje, men og desse kan som regel sjå på den lyse sida, utan å bli stempla sinnsjuk. Men altså datamaskinar. Du mister meir enn tingen i seg sjølve. Det magiske med datamaskinar, er at du kan lagre ting inni dei. Så når datamaskinen vert øydelagd, forsvinn tinga inni han. Eigentleg er dei der framleis, utanom når harddisken vert skada, men dei er litt vanskelegare å få tak i.

Men det som er poenget og “catchfracen” i denne posten, er at medan andres datamaskinar “krasjar”, krasja min bokstavleg.

Det heile skjedde så fort. Ein ven av meg skulle låne han, og før eg veit ordet av det høyrer eg eit smell. I tillegg til eit smell høyrte eg lyden av lause delar som ringlar og ranglar. Det er ikkje koseleg i det heile. Det er altså macen min det er snakk om. Ein snart tre år gamal, 12 tommers, Apple macintosh powerbook G4. Den litle nettsurfaren gjekk ned for telling. Resultatet var at han vart litt deformert, slik at det er litt vanskeleg å lade han, samstundes som han ser litt merkeleg. Du må hugse at han er laga i aluminium, så eg slo han av og pressa dei skada områda inn til omtrent normal posisjon. Det høyres kanskje ut som om alt gjekk godt, men nei. Baklyset i skjermen forsvann. Truleg knuste det, men kven kan seie heilt sikkert. Så eg har ein mac med ein 12″ stor skjerm som det ikkje går ann å sjå noko på. Svært koseleg er det ikkje, men han overlevde. Dette er dessutan ein god unnskyldning for å gje han ei ansiktsløfting.

Kvifor tek eg det så lett. Nja, først og fremst fordi gjort er gjort. Det hjelper ikkje å bli sur på grunna av noko ein ikkje kan endre. Og for det andre, når folk spør meg kvifor eg ikkje hadde forsikra han, så kan eg svare: “Eg har brukt han fint i tre år. Eg hadde ikkje planlagt å øydeleggje han, det var det nokon andre som gjorde.” Akkurat den delen likar eg ikkje. Eg har eit spent forhold til pengar folk skuldar meg. Eg hadde ikkje passa som utpressar for å seie det beint fram.


3 Svar til “Macen min krasja!”


  1. 1 andersher
    20. februar. 2009 kl. 12:09

    Du kan kjøpa deg ein ny skjerm på ebay. Men kanskje du skal kjøpa ein touchskjerm, og laga ein tablet maskin utav han?


Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s


Kalender

februar 2009
m ti o to f l
« jan   mar »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
232425262728  

arkiv


Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.