14
feb
09

f**kings kjedemail!

Eg hatar kjedemeldingar!

Nokon meiner kanskje at jorda vert redda og fattigdomen utsletta om du brukar femti kroner på sende ein melding til alle du kjenner som seier “Send denne meldingen til alle du kjenner, så hjelper du med å redde verda.” Som regel plar meldinga å lokke med eit lykkeleg liv eller uventa overraskingar. Overraskinga kjem med posten, meir kjent som telefonrekninga enn “eit lykkelig liv”. Kva er meininga? Sjølv om ei melding frå bestevenninna di seier at om du sender ho vidare til minst fem personar vil du hjelpe ein svolten unge i Afrika. Med mindre ungen er medeigar i telenor, netcom eller kva det måtte være, så får ikkje eingong lukte på mat, på grunn av den meldinga di. Den einaste kjedemeldinga eg står inne for er ei eg fekk av ein ven, ein god ven med hovudet på rette plassen og med ein god porsjon humor:

Kostnaden av denne SMS kunne gitt mat til en fattig neger en hel dag. Send denne SMS videre til 7 av dine venner, så sulter vi den j***a negeren 1 hel uke!

Om du ser forbi den grove ordbruken (som eg har sensurert) og prøver å få med deg kva meldinga eigentleg seier, så har han eit veldig godt poeng.

Men dreier seg ikkje om pengar eller fattige ungar i afrika. Difor er ikkje kjedemeldingane meir velkomne i form av mail. Og med mail, meiner eg ein mail som har blitt vidaresendt 20 gonger, slik at det tek fem minutt å finne fram til bodskapen i mailen, som lovar deg at det berre vil ta to minutt å lese det som står. Men det som står er påverka av å ha blittt kopiert, vidaresendt, kryptert og dekryptert av femten ulike programmer og utallige personar. Så historia om korleis utryddinga av kristne kinesarar framleis finst i dag, som ikkje er noko å le av, blir borte i alle slags teikn og ulogiske linjeskift. Endå verre er det om mailen inneheld bilete. For eit bilete tydar ofte mange bilete, samtidig som nyttefaktoren minkar drastisk og kosefaktoren aukar ekstremt.

Kjedemail er verre enn spam. Fordi spam finst det filter for. Kall meg gjerne festbrems, for hjå meg stoppar ein kvar kjedemelding (av prinsipp), for det er ein fest eg ikkje ynskjer å delta på.
Eg hatar kjedemeldingar av alle slag.

Om du er enig med det eg skriv, kopier det inn i mailen din og legg til bilde 1, 2 og 3 vilkårlig og gjerne på ein ulogisk plass. Send så mailen til dine 10 beste vener og lov dei eit betre liv om dei gjer det same.


Skriv et svar




Kalender

februar 2009
m t o T f l s
« jan   mar »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
232425262728  

arkiv