Arkiver for februar, 2009

26
feb
09

RAM i bøtter og spann

Har du nokon gong stilt deg sjølv spørsmålet: “Kva kjem til å bli ‘Mac OS 10.6 Snow Leopard’ si øvre RAM-grense?”

Nei det har ikkje eg heller, men jamvel om du har eller ikkje har stilt dette spørsmålet, så er svaret interessant. Men før eg gjer deg svaret og før du les svaret som står nedanfor, prøv å gjett…

OM du ikkje viste det frå før av, gjetta du sikkert feil. Svaret er 16TB. Ja TB! Altså ei mengde som me i dag ikkje klarer å pakke inn i ein vanlig harddisk eingong. Det er eit massivt tall, og tenk deg kva ein kunne gjere med 16 TB ram…

24
feb
09

Nåtidas 8-bit

“You can destroy the copyright rules, it doesn’t matter, as long as you add an underwater-level, that nobody likes.”

- Jeff Rubin frå College Humor, her i videospelshowet: Bleep Bloop.

For dei som har spelt mykje gameboy og vore borti mange 2D plattformspel, kjenner dei seg nok igjen i utsagnet ovanfor. Undervanslevlane kjem som regel midt spelet og er sikker til for å skape vareasjon eller for at produsenten kan seie: “Ha, me er faktisk kreative!” Det var kanskje kreativt fyrste gongen, men i 1990-2000 når plattformspela hadde levd i fleire tiår, var det ikkje så originalt lenger.

Episoden som sitat kjem frå handlar om 8-bits spel, altså slike som var i dei første spelkonsollane. Poenget er at privatpersonar framleis held liv i denne generasjonen spel, ved å lage dei sjølve. Det er spesielt, men uansett kor gamaldags spela ser ut, er det nok tilfredsstillande å klare å lage det. Men om eg hadde orka å bruke 16 månadar på det, er eg litt usikker på.

19
feb
09

Macen min krasja!

Det ser ut som om det er høgsesong for øydelagde datamaskinar. Folks PC-ar krasjar dagleg, ting skjer, filer forsvinn og skjermar vert svarte. Det er ikkje lett å leve i ei digital verd. Folk hadde ikkje problem med slikt før. Kyr krasjar ikkje. Dei vert sjuke, men dei vert og friske igjen. Spader brekk og vert bøygde, men folk laga berre nye skaft. Bilar er vell det som er mest kjent for å krasje, men og desse kan som regel sjå på den lyse sida, utan å bli stempla sinnsjuk. Men altså datamaskinar. Du mister meir enn tingen i seg sjølve. Det magiske med datamaskinar, er at du kan lagre ting inni dei. Så når datamaskinen vert øydelagd, forsvinn tinga inni han. Eigentleg er dei der framleis, utanom når harddisken vert skada, men dei er litt vanskelegare å få tak i.

Men det som er poenget og “catchfracen” i denne posten, er at medan andres datamaskinar “krasjar”, krasja min bokstavleg.

Det heile skjedde så fort. Ein ven av meg skulle låne han, og før eg veit ordet av det høyrer eg eit smell. I tillegg til eit smell høyrte eg lyden av lause delar som ringlar og ranglar. Det er ikkje koseleg i det heile. Det er altså macen min det er snakk om. Ein snart tre år gamal, 12 tommers, Apple macintosh powerbook G4. Den litle nettsurfaren gjekk ned for telling. Resultatet var at han vart litt deformert, slik at det er litt vanskeleg å lade han, samstundes som han ser litt merkeleg. Du må hugse at han er laga i aluminium, så eg slo han av og pressa dei skada områda inn til omtrent normal posisjon. Det høyres kanskje ut som om alt gjekk godt, men nei. Baklyset i skjermen forsvann. Truleg knuste det, men kven kan seie heilt sikkert. Så eg har ein mac med ein 12″ stor skjerm som det ikkje går ann å sjå noko på. Svært koseleg er det ikkje, men han overlevde. Dette er dessutan ein god unnskyldning for å gje han ei ansiktsløfting.

Kvifor tek eg det så lett. Nja, først og fremst fordi gjort er gjort. Det hjelper ikkje å bli sur på grunna av noko ein ikkje kan endre. Og for det andre, når folk spør meg kvifor eg ikkje hadde forsikra han, så kan eg svare: “Eg har brukt han fint i tre år. Eg hadde ikkje planlagt å øydeleggje han, det var det nokon andre som gjorde.” Akkurat den delen likar eg ikkje. Eg har eit spent forhold til pengar folk skuldar meg. Eg hadde ikkje passa som utpressar for å seie det beint fram.

14
feb
09

Mr. Kaizer bryter ferien sin

Beklager å måtte plage dere med mer Kaizers, men siden er lenge siden og siden jeg bytter målform for anledningen, synes jeg det går fint. Tittelen kommer av det faktum at Kaizers Orchestra har hat den planen om å gi ut en plate tidlig et år, turnere hele dette året og stå på, også ta ferie et år for å gjøre andre ting samtidig som de bygger opp en ny plate. Men nå kommer en ny, et år for tidlig. Men dette har sine grunner.

Kaizers Orchestra slipper et nytt og uventet album 20. april i år, noe som blir eventyrlig. Albumet heter “Våre demoner” og skal inneholde sanger som ikke har fått bli med på plate før. Kaizers er nemlig ivrige låtskrivere og har like mange henlagte låter som de har på album. Derfor er det mye å velge av. Fansen har lenge mast om å spille inn versjoner av “live-only-sanger” samt andre sanger som bare lever gjennom demo-versjoner. Det blir så ufattelig bra at jeg knapt tror det. Men jeg skal ikke gjenfortelle så mye, fordi det meste står fordelt på tre forskjellige internettsider, med all den informasjonen jeg vet:

Det eneste jeg vil føye til er at låtlisten på VG.no er feil. Det er bare 11 av de 13 låtene som kommer på albumet. Det er disse:

  1. Medisin & Psykiatri
  2. Våre demoner
  3. Die Polizei
  4. Fanden hakk i hel
  5. Kavalér
  6. Gruvene på 16
  7. Den sjette sansen
  8. Señor Torpedo
  9. Du og meg Sonny
  10. Prosessen
  11. Stormfull vals

Om du nå har lest alle tre artiklene og forstått bakgrunnen for (og til) albumet og meningen med det hele, har jeg en ting å si til deg: Dette er grunnen til at jeg elsker Kaizers Orchestra, slik som jeg gjør.

14
feb
09

f**kings kjedemail!

Eg hatar kjedemeldingar!

Nokon meiner kanskje at jorda vert redda og fattigdomen utsletta om du brukar femti kroner på sende ein melding til alle du kjenner som seier “Send denne meldingen til alle du kjenner, så hjelper du med å redde verda.” Som regel plar meldinga å lokke med eit lykkeleg liv eller uventa overraskingar. Overraskinga kjem med posten, meir kjent som telefonrekninga enn “eit lykkelig liv”. Kva er meininga? Sjølv om ei melding frå bestevenninna di seier at om du sender ho vidare til minst fem personar vil du hjelpe ein svolten unge i Afrika. Med mindre ungen er medeigar i telenor, netcom eller kva det måtte være, så får ikkje eingong lukte på mat, på grunn av den meldinga di. Den einaste kjedemeldinga eg står inne for er ei eg fekk av ein ven, ein god ven med hovudet på rette plassen og med ein god porsjon humor:

Kostnaden av denne SMS kunne gitt mat til en fattig neger en hel dag. Send denne SMS videre til 7 av dine venner, så sulter vi den j***a negeren 1 hel uke!

Om du ser forbi den grove ordbruken (som eg har sensurert) og prøver å få med deg kva meldinga eigentleg seier, så har han eit veldig godt poeng.

Men dreier seg ikkje om pengar eller fattige ungar i afrika. Difor er ikkje kjedemeldingane meir velkomne i form av mail. Og med mail, meiner eg ein mail som har blitt vidaresendt 20 gonger, slik at det tek fem minutt å finne fram til bodskapen i mailen, som lovar deg at det berre vil ta to minutt å lese det som står. Men det som står er påverka av å ha blittt kopiert, vidaresendt, kryptert og dekryptert av femten ulike programmer og utallige personar. Så historia om korleis utryddinga av kristne kinesarar framleis finst i dag, som ikkje er noko å le av, blir borte i alle slags teikn og ulogiske linjeskift. Endå verre er det om mailen inneheld bilete. For eit bilete tydar ofte mange bilete, samtidig som nyttefaktoren minkar drastisk og kosefaktoren aukar ekstremt.

Kjedemail er verre enn spam. Fordi spam finst det filter for. Kall meg gjerne festbrems, for hjå meg stoppar ein kvar kjedemelding (av prinsipp), for det er ein fest eg ikkje ynskjer å delta på.
Eg hatar kjedemeldingar av alle slag.

Om du er enig med det eg skriv, kopier det inn i mailen din og legg til bilde 1, 2 og 3 vilkårlig og gjerne på ein ulogisk plass. Send så mailen til dine 10 beste vener og lov dei eit betre liv om dei gjer det same.




Kalender

februar 2009
m ti o to f l
« jan   mar »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
232425262728  

arkiv


Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.