Youtube har jo blitt meir enn ei internettside i løpet av dei siste åra. På denne internettsida finn du alt frå seriøse til useriøse vloggar (video-bloggar for dei som ikkje heng med i det hippe internettspråket) til heilaftens spelefilmar i 15 delar, lagt ut på feil premissar. Men iblant alle desse tinga finn du nokre perlar.
CollegeHumor som strengt tatt har ei eiga internettside, er denne perla. Det er ein gjeng som lagar sketsjar og videoar som er riktig så festlige til tider. Eg skal ikkje skrive så mykje, eg vil berre be dykk sjå videoen under, som ekstremt bra, og samtidig seie at eg gler meg til showet deira på mtv startar. Ikkje fordi eg ser på mtv, eller i heile har tilgang til den kanalen, men sidan alt som kan lagrast digitalt som video blir lagt ut på youtube, reknar eg med at desse 6 episodane vert lagt ut.
Følg rekka av videoar. Dei har ganske mange slike sketsjar.
Ein siste ting eg ynskjer å seie (som ein liten PS, eller NB om du vil), er at “serien” deira som heiter “Hardly Working” er min favoritt. Den består av 62 videoar så det er berre å byrje.
Kommentarer