14
des
08

Kjendiskultur

Eg høyrte kjapt på radioen (P4) at dei Norske forlaga berre bryr seg om kjendisar. Dei ynskjer berre å selje bøker med andleta til kjendisar på, som p4 sa (berre ikkje på nynorsk). Det fekk meg til å tenke.

Forlaga ser altså ikkje profitt i å satse på nye og/eller ukjende forfattarar, fordi kjendisbøker er enklare pengar. Det vil seie at alt me må lese om i framtida er bøker frå politikarar og dristige humoristar. Og den einaste fornuftige litteraturen kjem frå allereie kjende forfattarar som strengt tatt og er kjendisar, men som i alle fall skriv bøker det går ann å lese.

Så kva er eigentlig grunnen til at forlaga gjer slikt, og kvifor dei ikkje tenar på “skikkelige” bøker. Det seier seg nesten sjølv. Det er fordi dei trykkar dei bøkene me les mest av. Og når alt me bryr oss om er korleis kjendisar tykjar om alle slags ting, vert det slik.

Så kva skjer med resten av bøkene når ingen gidder å lage dei… dei nye forfattarane kjem ikkje meir og dei eksisterande vert gamle og døyr. Og alt me har å lese er kjendislitteratur, noko som ingen likar, men som alle les. Eg trur me kan vente oss ein slags apokalypse. Først vert folk påverka av å berre lese om misvisande og forstyrra kjendisar og etter det kjem alt til å rase: økonomien, infrastrukturen, demokratiet, monarkiet og til slutt økosystemet. Det kjem til å verta anarki, heilt til verda går under, hvis ikkje…

Hvis ikkje ein person klarar å lure seg inn blant kjendisane, dukke opp på fjernsynet, vere ytre meininga si om ymse ting og lekkje delikate detaljar til “Se og Hør” og “Her og Nå” om einannan. Og når han er kjent nok til å kunne kalle seg ein kjendis, ikkje B-kjendis, men ein fullblods A-kjendis. Då kan han gi ut ein haug med skikkelige bøker, og fjerne heile denne pesten. Ein redningsmann, ein frelsar… Nei, men for å vende tilbake til seriøsiteten, så er det eit lite gram av aktuelle fakta i alt dette tullet. Kva skulle verda blitt til, om alle berre leste sladder?

Det må også nemnast at Knut Jørgen Røed Ødegaard vart sett ned på av andre forskarar fordi han var “for populær”. Og det får meg til å le. Eg ser for meg ei gruppe forskarar med kvite frakkar som sit rundt eit rundt bord og seier: “Me likar ikkje han der, han bryr seg berre om populariteten og drit i vitskapen.” Medan alle tenker: “Eg skulle ynskje eg kunne vere så populær!”

Eg heiar på dei andre forskarane som ikkje likar kjendisar.


0 Svar til “Kjendiskultur”



  1. No Comments Yet

Skriv et svar




Kalender

desember 2008
m t o T f l s
« nov   jan »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

arkiv