For ei god stund siden bestemte eg meg for å sjå filmen Into the Wild. Det var aldri gjort. Men når tanken igjen kom opp, kom den i lag med ein annan tanke. Eg hadde lyst å lese boka (med same namn) filmen er basert på.
Etter å lese boka om ein person som bestemmer seg for å forlate familie og venner for å søke til villmarka sit eg igjen med eit par tankar. Det første er at Christopher McCandles ikkje er den einaste. Langt ifrå. Folk i Alaska vert ikkje overraska når ein person kjem og seier han vil leve i villmarka fordi slikt skjer dagleg. Det verste av alt er at mange av dei døyr. Veldig få klarer å leve i villmarka, dei fleste stiller for høge krav til seg sjølv og undervurderer naturen. Boka gir mange eksemplar på både erfarne klatrarar og uerfarne eventyrlystne som dør på grunn av feilberekningar.
Men det som sitt mest igjen er at det sjokkerer meg. Det at ein person tek ut frå alt, bruker eit og eit halvt år på farte rundt USA under falskt namn før han tek turen mot nord der han hiv seg ut i skogen med ikkje meir enn ein pakke ris å ete. Hadde det ikkje vore for at folk er generøse hadde han vore utan skikkelige sko og klede.
McCandles var ein intelektuell person. Han var eksepsjonell i all slags sport, men briljerte i springing. Han programerte eit dataprogram for foreldra sitt firma (i ein alder av 19-20 år) som faren aldri klarte finne ut korleis vart laga. Han var naturleg god til å tene pengar, firmaet han jobba for i heimbyen var villige til å betale college for ham om han fortsette å jobbe for dei medan han studerte. Den tyngste lasta i sekken hans var ei rekkje bøker frå forskjellige forfattarar.
Det er ein merkverdig ting for ein slik person å gjere. Men innerst inne handlar det vell om frihet og om ønsket om å gjere motsatt av det folk forventar av og til. Chris McCandles tok det berre litt for langt, i det at reisa hans brakte ham nær døden opp til fleire gonger før han til slutt sulta i hjell i ein buss midt i alaskas villmark.
Det er min siste undring. Kva gjer ein rutebuss midt i Alaskas villmark der Chris McCandles klarte å være åleine i over 100 dager… Det var ein tanke som satt igjen gjennom heile boka. Korleis og kvifor?
“ønsket om å gjere motsatt av det folk forventar av og til” – hørres ud som ei interesante bok.