Arkiver for juli 2008

23
jul
08

Kaizers

Eg blir berre meir og meir glad i Kaizers Orchestra.
Det har slått meg kraftig i det siste kor proppa tekstane til Kaizers er av fiffige lure og morosame fraser.

Eg nevne dei to første eg kjem på:
For ikkje veldig mange dager sidan lanserte Kaizers eit nytt opplag vinylversjonen av Maskineri. Denne ble forøvrig lansert i kvit vinyl på eit opplag av 500 eksemplar. Uansett, på denne plata er det ein ekstra song med namn “Romantisk salme i F-dur”, høyres ikkje heilt kaizers ut, men han er bra, bare høyr sjølv. Og her er det ei linja som slo meg:

“For det er halve sjarmen å ikkje komme fram for raskt”

Ein annan song med eit fiffig ordspel i er “Salt & pepper” som er på albumet Evig Pint. Songen handlar om narkotikahandel, ikkje krydder som tittelen tilseier. Og sjølvaste Janove ottesen har klart å forme følgjande linje:

“Eg har en revolusjon i min pose”

Sidan eg la merke ved denne linja har eg lurt på korleis revolusjon i ein pose ser ut.
Vidare skal Kaizers gi ut ei ny plate i høst frå turneen i år. Den skal være frå alle dei tysktalande landa dei har vore i. Den skal berre gis ut på vinyl (og digitalt format, som vil seie nedlasting) fordi, fritt etter Janoves egne ord: “Ein må oppdra ungdommen. Dessuten er vinyl best.” Og etter det eg veit er det sanninga. Etter eit år med IT, der eg har lært forskjellen digital og analog, er det ganske åpenbart at lyden av vinyl overgår digitalisert musikk, spesielt mp3! Dessuten er jo vinyl kult.

22
jul
08

Girls are evil

Hvor sant det er skal jeg ikke legge meg oppi. Jeg ble blare litt slått av samhandlingen mellom ord, uttrykk og matematiske finesser.

19
jul
08

Into the wild!

For ei god stund siden bestemte eg meg for å sjå filmen Into the Wild. Det var aldri gjort. Men når tanken igjen kom opp, kom den i lag med ein annan tanke. Eg hadde lyst å lese boka (med same namn) filmen er basert på.

Etter å lese boka om ein person som bestemmer seg for å forlate familie og venner for å søke til villmarka sit eg igjen med eit par tankar. Det første er at Christopher McCandles ikkje er den einaste. Langt ifrå. Folk i Alaska vert ikkje overraska når ein person kjem og seier han vil leve i villmarka fordi slikt skjer dagleg. Det verste av alt er at mange av dei døyr. Veldig få klarer å leve i villmarka, dei fleste stiller for høge krav til seg sjølv og undervurderer naturen. Boka gir mange eksemplar på både erfarne klatrarar og uerfarne eventyrlystne som dør på grunn av feilberekningar.

Men det som sitt mest igjen er at det sjokkerer meg. Det at ein person tek ut frå alt, bruker eit og eit halvt år på farte rundt USA under falskt namn før han tek turen mot nord der han hiv seg ut i skogen med ikkje meir enn ein pakke ris å ete. Hadde det ikkje vore for at folk er generøse hadde han vore utan skikkelige sko og klede.

McCandles var ein intelektuell person. Han var eksepsjonell i all slags sport, men briljerte i springing. Han programerte eit dataprogram for foreldra sitt firma (i ein alder av 19-20 år) som faren aldri klarte finne ut korleis vart laga. Han var naturleg god til å tene pengar, firmaet han jobba for i heimbyen var villige til å betale college for ham om han fortsette å jobbe for dei medan han studerte. Den tyngste lasta i sekken hans var ei rekkje bøker frå forskjellige forfattarar.

Det er ein merkverdig ting for ein slik person å gjere. Men innerst inne handlar det vell om frihet og om ønsket om å gjere motsatt av det folk forventar av og til. Chris McCandles tok det berre litt for langt, i det at reisa hans brakte ham nær døden opp til fleire gonger før han til slutt sulta i hjell i ein buss midt i alaskas villmark.

Det er min siste undring. Kva gjer ein rutebuss midt i Alaskas villmark der Chris McCandles klarte å være åleine i over 100 dager… Det var ein tanke som satt igjen gjennom heile boka. Korleis og kvifor?




Kalender

juli 2008
m t o T f l s
« jun   aug »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

arkiv