Rett skal være rett
June 24. 2008
Eg fann ein dag ut at eg ville kjøpe meg nokre nye kort. Kort som i kortstokk og kortspel. Korta eg kjøpte var ein pakke med “Bicycle rider back playing cards“. Bicycle er eit merke produsert av “The U.S. Playing Card CO.” og har eit par av dei mest brukte og mest populære kortstokkane i verda. Og når ein kjøper kort med eit ettertrakta varemerke får ein det litle ekstra som andre kortstokkar manglar. For det første er det utruleg gode og solide kort, men det som eg skulle fortelje (og som er det andre) er at denne kortstokken kom med garanti. Lese kan du vel, og fleirtalet av oss nordmenn forstår det meste av engelsken rundt om oss, så difor nøyer eg meg med å legg ut biletet under.
Det kulaste er at det er spar ess som er garantien. Det beviset på at du eig ein ekte bicycle kortstokk og ikkje berre har funne eit kort på bakken og vil ha ein ny kortstokk. Kor viktig viktig denne garantien er, veit eg ikkje, fordi eg betalte snaue 15 kroenr for denne eine kortstokken.
I tillegg til dette har skaparane fulle rettigheitar på det meste med korta deira. Og dette går dei ikkje av vegen for å fortelje deg som kjøpar. Det første du ser når du opnar kortstokken er følgjande beskjed:
We claim exclusive trade mark rights in Ace of Spades, Joker, name, number, back design, case design and name of finish used on our various cards.
THE U.S. PLAYING CARD CO.
CINCINNATI, OHIO 45212
U S A




Leave a Reply