Demetri Martin

June 17. 2008

Eg kom over stand-up komikaren Demetri Martin som kjem frå USA. Staden eg fann han var sjølvsagt youtube, det 21. århundret sin største medieportal. Men det som er spesielt med Demetri Martin er at han har ein humor litt utanom det vanlege. Den litt merkelig, men ikkje så merkelig som Monty python, også er den litt underliggande seriøs. Med formuleringa “underliggande seriøs” meiner eg at han høyrast litt seriøs ut, men er eigentleg 100% useriøs, litt som Are Kalvø. Men det som verkeleg fengar meg er at han opptrer som (og ut frå det antar eg at han er) ein intelligent, tenkande og høgst filosofisk person.

På youtube ligg eit av “showa” hans, “If I”, som er det eg har sett av han. Her går han gjennom dei forskjellige tydingane av det engelske ordet if. Og medan han gjer dette fortel han om livet sitt, om vala han har gjort og korleis han er og har blitt som person. Veldig fascinerande.

Det som imponerer meg er kor lite villig han er til å føye seg etter mengda. Han seiar han likar å utfordre seg sjølv. Han har (bare for å gjere det) lært seg å skrive med begge hender, sykje på ett-hjulsykkel, sjonglere og gjere mange andre triks. Og ved å sjå dette showet hans får du verkeleg inntrykk av kort besett han er av å utfordre seg sjølv.

Han har studert juss, men hoppa av 2. året og vart stand-up komikar, og der laga han ein lek som gjekk ut på at om du vart stilt eit spørsmål av læraren i løpet av dagen, skulle du prøve å bruke “dagens ord” i svaret. Og dagens ord vart bestemt av Demetri sjølv kvar morgon. Slik fekk alle seg ei utfordring og han, ei utfordring med å finne nye og vanskelige ord. eg anbefaler å sjekke ut “If I” på youtube.

Ein veldig interessant person

Leave a Reply