Slutten

June 11. 2008

Korta er lagt på bordet.
Og resultatet ble kjemi.

Eg skal på fredag klokka 09.30 ha ein presentasjon på 15 minutt for min faglærar og ein totalt ukjend person, ofte kalla sensor. Kjekt? Nei. Interessant? Nei. Lærerikt? Ja, heilt sikkert…
Poenget er at eg skal ha munnleg eksamen i kjemi. Eg var så heldig å få trekke temaet “organisk kjemi”. For dei som ikkje veit kva det er, så er det kort sagt alt som ikkje er uorganisk…
Om gud hadde samla alle dei organiske stoffa i ein haug og alle dei uorganiske i ein annan haug ville du sett kor heldig eg var i trekkinga av tema. For haugen med organiske stoff ville vert svææær i forhold til den med uorgansike stoff. Men nok syting, det kunne vert værre.

Eg kunne kome opp i matte, eller i aller værste tilfelle: tysk.

Så takk Gud for alle dei organiske stoffa du ha skapt :D

Eg trur eg har bestemt meg for å bruke 15 minutt av fredagen min til å snakke om “dei viktige bestanddelane i vaskemiddel” og eigenskapane deira. Spesielt lett? Nei eigentleg ikkje, men det er det mest forståelige akkurat nå…

Ein annan ting som må fram er at eg nå er offisielt og heilt ferdig med tysk. 5 år med tysktimar er over. Eg kan no sleppe å snakke dette merkverdige språket igjen!

Auf Wiedersehen!

3 Responses to “Slutten”

  1. Anders Says:

    Gratla me tysken då!
    “aldri merr!”
    ikkje akkuratt feil nei

  2. Bjørnar Says:

    Eg gjekk ut med 2′er i tysk her borte. Kjemi hørres ikkje spesielt lett ut, men kan vel neppe bli verre enn tysk.

    Lykke til!

    (Og forresten: Er det virkelig mange organiske stoff i vaskemiddel?)

  3. Geir Says:

    Eg har ein snaue 3′er i Tysk, ikkje mykje å skryte av det heller…

    Og nei, det er veldig få organiske stoff i vaskemiddel. Men det meste av såpe er laga av feitt (eller rettare sagt var det før) som er eit organisk stoff. No lagast såpe av kunstige feittsyrer fordi det er billigare :D

Leave a Reply