Eg surfa litt på verdsveven i dag.
Om du er ein “nerd” veit du det kanskje sjølv, men for å gjere heile tilværet mykje lettare skal eg setja deg og andre i bås og fortelja deg kven du er mindre “nerdete” enn.
For ta posten til et litt meir seriøst nivå må det seiast at eg håpar at du ikkje finn deg sjølv i ei av dei “rare” gruppene. Eg kan vel til nøds kalle meg ein “Video gamer”, noko som er ganske bra, men for å trekke fram den mørke sida så har eg vore iherdig “pokémonfan” sidan 4. eller 5. klasse, når sensasjonen kom. Men når nintendo ds kom og dei slutta å lage spela til gameboy vart det slutt. Nå skjer det berre når nostalgien slår meg hardt i hovudet.
Du oppdager kanskje fort at venstre side er full av “rare nerder”, medan høgre sida er full av “ekle nerdar”. Men når du les dette må du hugse at det dreiar seg ikkje om kven som er mest “nerdete”. Det dreiar seg om kven som syns kven er meir “nerdete” enn seg sjølv. Det er difor det er festlig. Fordi det er akkurat slik det er.

0 Svar til “Mest nerd?”