Den mannen som fann opp radio-vekkarklokka trudde nok han var lurare enn han var. Eg skal nemleg fortelje ein historie som er festleg, men har gjort meg mykje vondt.
For det har seg slik at eg har ein mobil med mp3-spelar på. Det er kanskje ikkje det største i verda, men eg har no det. Den har plass til eit lite sortiment med songar, så det gjeld å velje med omhug. Eg må seie at min mobil sin mp3-spelar er svært oppskrytt (om nokon vel å skryte av han i det heile). Den er dårleg, knotete og stort sett ubrukeleg. Men alt dette er unnskyld, den er tross alt to år gamal… han kjem frå dei tidene då det var rimeleg nytt å kalle mobilen for ein mp3-spelar. Men det som er galt er at mobilen min har ein skingrande forferdeleg høgtalar. Det er ikkje å halde ut. Så det som skjer når lyden kjem ut av han, er at til og med den finaste song vert uuthaldeleg.
Eg nemnde så vidt at det ikkje er plass til så mange songar. Difor fann eg den songen min som begynte mest rett på og bråka mest, slik at det skulle verte ei effektiv vekkerklokke. Denne vekkarklokka brukte eg eit par gonger, og ho fungera veldig bra. Over all forventning. Som regel var eg lys vaken og oppe lenge før første del av introen var over (som varer i ganske nøyaktig 3 sekkund). Songen er “dekk bord” av Kaizers Orchestra, som eg gjerne skulle spela for dykk, men eg finn han ikkje på internett, dessverre. Det er ein knakande god song med ein veldig innhaldsrik tekst, som eg likar veldig godt. Det var difor eg velde å vakne til han.
Men etter eit par veker med “dekk bord” som effektiv vekkarklokke var eg ute og gjekk. Eg hadde kaizers Orchestra på ipoden og treivst med det. Men så når etter ein av songane var over og ein ny byrja, stokk eg. Hjernen frys, armar og bein rykker og hjarta byrjar å banke febrilsk. Og eg tenkar kva er det skjer. Det heile er grunna vekkarklokka mi. Etter å vakna skremmande brått av den kraftige introen i “dekk bord”, er kroppen min merka for livet.
Det har gått rundt eit halvt år nå og framleis klarer eg ikkje høyre den songen utan at tankane forsvinn, hjarta slår eit ekstra slag og eg lurer på kva er det som skjer. Det mest positive eg kan få utav denne hendinga er at når eg sit på skulen, høyrer på musikk og held på å sovne, er det forfriskande å høyre “dekk bord” trenge seg gjennom hovudet og vekke meg, momentant!
Det er ingenting gale med songen. Som sagt er det ein av mine favorittsongar, men dei tre første sekunda av denne songen har ein merkverdig effekt på meg. Eg vel å samanlikne det med å helle ei bøtte med kaldt vatn over hovudet. Så brutalt er det og så fælt er det å ha øydelagt ein så bra song for meg sjølv.
Trur du meg ikkje? Prøv sjølv!
Hehe, har akkurat den same følelsen med what the world willl never take av hillsong. dritt lei den sangen:P
Ja – eg óg. En tabbe med andre ord, å velge vekkerklokkesanga me egentlig lige.