I ein norsktime der temaet var ordtak, fekk me utdelt eit ark der me skulle finne fram til forskjellige ordtak. Me fekk oppgitt 30 delte ordtak som me skulle finne rett byrjing og slutt på. Eg håpar du ser føre deg kva det går i, det er det ein kan kalle ei “mix-and-match-oppgåve”.
Meininga var som sagt å finne dei riktige ordtaka, men det me fann ut var at det var mykje meir morosamt å finne feil. Me vart etterkvart samstemde om at me trong nokre nye ordtak, nokre som kan beskrive dagens problem og dilemma. Ut frå dette fekk me ein særs underhaldande norsktime. Me kom fram til dei følgjande ordtaka:
Gammel rev er vond å vende.
Den som intet vet dreper ingen mann.
Sant er sant at hver mann stjeler.
Store ord ler best.
Det er dumt å erte bjørnen når nesen er borte.
Det er råttenskap i alt som har lave dører.
Den som jager to harer er vond å jage.
Gammel vane finner vegen best.
Sant er sant før det er prøvd.
Det flyr mangt under skrøpelig hatt.
Gammel hest får sjelden fisk.
Sant er sant, unntatt nysilt melk.
Fisk fanges med garn, for den skjønner ikke spøk.
(Der) foten er tryggest, der en ikke ser bunnen.
Det er bånd for tale selv om ingen tror det.
Den som ler sist fanger ingen.
Nokre høyrast ut som berre tull, nokre høyrast fornuftige ut, men ved nærmare ettertanke er dei ikkje det, og nokre har faktisk ein skjult dobbeltmoral som ligg og lurer mellom vokalane. Og om du berre ser med eit ope sinn på saka, er det nok ei skjult meining bak alle saman.
Ja til skjulte meiningar:)
Sant er sant før det er prøvd.
Dette va nokk min favoritt.
akuratt så fisk
Det er eit av dei som går under denne kategorien:
“nokre har faktisk ein skjult dobbeltmoral som ligg og lurer mellom vokalane.”
Eg trur det er på tide å ta useriøsiteten seriøst!