Oppfinnarlandet Noreg
April 27. 2008
Noreg er nok det landet i verda som er rikast av minst grunn. Me fekk ein teknologi servert på gullfat av eit folk på andre sida av Atlanteren, utan å på nokon måte gjere noko sjølve. Så når Amerika kom med denne teknologien og starta å pumpe drivstoff opp av nordsjøen, berre fylde me etter. Me fekk eit statsdrive firma som gjorde nettopp dette, pumpa olje opp av sjøen. Og det var verkeleg ei velsigning. Noreg var det det var i dag, rikt.
Men er dette alt Noreg har å skryte av? At me har heile kystlinja vår full av svart gugge?
Det me kan vere stoltast av er at me har funne opp ostehøvelen, eit reiskap som kan skjøre osten i like store skiver utan mykje kluss. Oppfinninga i seg sjølve er ikkje stor og banebrytande, men det at me kom opp med det først, og at ingen andre land har sett behovet for å importere denne flotte oppfinninga ennå, er overmåte flott! Så om det er ein ting ved Noreg eg kan vere stolt av, så er det ostehøvelen. Den er me aleine om, den er vår og den er unik.
Men greit nok, me hadde ikkje klart å tene oss rike på ostehøvlar. Det er greit. Men som alt for få veit er at me har ei veldig viktig oppfinning til på nakken. På fint kallast den aerosolen, til vanleg brukast han til å gjere hærverk og i daglegtalen heitar han sprayboks. Erik Rotheim fekk i 1929 innvigsla ein patent på denne flotte aerosolen. Og om du tenker det om, kor mange sprayboksar som vert laga og brukt i dag, så vert det litt om Noreg hadde fått ein liten prosentdel av kvar av desse. Me kunne hat to fond, eit oljefond og eit sprayboksfond. Men hadde me fått pengar for alle desse boksane, hadde kanskje me fått skulda for utsleppet av KFK-gassar og all tagginga. Og det er ikkje noko me vil ha på ryggen, den er allereie full av olje og ostehøvlar. Så difor snakkar me litt lågt om sprayboksar og heller skrik høgt om ostehøvlar.
(Og for dei som og trudde at bindersen vart oppfunnen av ein Nordmann, er det feil… les her.)



April 30. 2008 at 9:56
veldig morsomt skreve Geir