Improvisering

April 24. 2008

Eg har i det siste kome borti gruppa Improv Everywhere som er ei gruppe menneske som har som motto “We cause scenes”. Og det er nettopp det dei gjer.

Mest kjent er dei for deira Grand Central Freeze som vakte stor oppsikt og forvirring. Filmen som ligg ute på youtube er veldig kul. Det ser heilt enormt ut når halvparten av alle folka på Grand Central stoppar samstundes og står stille eit par minutt. Veldig morosamt å sjå korleis folk reagerer.

Men det er ikkje første stuntet dei gjer. Bare sjekk ut på youtube eller besøk heimesida deira. Det er fascinerande at så mange folk er villige til å bruke tid og resursar på å få folk til å stoppe opp i dagleglivet og ta seg tid til å bli underhaldt.

Riktig nok forstår eg ikkje namnet, Improv Everywhere. Det høyrast ut som improv er ei forkorting for improvise som betyr å improvisere. Men etter som ABC sin reportasje seier så trenge det ganske mykje planlegging. Altså er det langt frå improvisering.

Men kult er det uansett…

Leave a Reply