18
apr
08

Lær av andre!

Nok ein gong har Douglas Adams klart å kome meg i forkjøpet. iGoogle har ein lur widget som gir meg “quotes of the day“. Spesielt nyttig er det ikkje, men det sår ofte mykje lurt. I dag var det nok ein gong Douglas Adams som pryda lista. Og det gjorde han med følgjande sitat:

“Human beings, who are almost unique in having the ability to learn from the experience of others, are also remarkable for their apparent disinclination to do so.”

Og det er akkurat det eg vil seie i dag. At mennesket skal i prinsippet kunne lære av andre sine feil, men alle kan vel skrive under på at dei lærer best av det dei gjer sjølv. Og difor på tross av at alle maser om at me må sjå på andre som eksempel og lære av dei, så er det ingen som gjer det. Om du har ein venn som legg handa på ei varm kokeplate og svir handa, veit du at det vil gjere vondt om du legg handa på plata, men kor vondt vil det eigentleg gjere? Kanskje er det bare ein guteting, eller for alt eg veit ein “meg-ting”, men slik verker det no likevell.

Eksempelet mit er øvrig hypotetisk og eg har aldri lagt handa på ein varm kokeplate fordi venen min gjorde det, men likevell. Fullt og heilt, nysgjerrighet er nok medfødt, både på godt og vondt.


1 Svar til “Lær av andre!”


  1. 1 Anders
    20. april. 2008 at 17:06

    vel talt min venn


Skriv et svar




Kalender

april 2008
m t o T f l s
« mar   mai »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  

arkiv