Shutdown

April 16. 2008

Ein gong i året er skjer det noko spesielt. Det er “shutdown day“. Det vil kort oppsummert seie at fleire millionar menneskje slår av datamaskinane sine og driv på med noko anna i 24 timer. Eg var innom prosjektet i fjor, men av grunnar eg ikkje hugsar vart det aldri noko av. Nå, den 3. mai er det på ny shutdown day og eg byrja å tenke.

Vår generasjon er ganske opphengt i desse maskinane. Dei er fast inventar i ein kvar heim og mange brukar dei fleire timar til dagen. Eg kan godt innrømme at eg er ein av desse. Men det eg kom til å tenke på var at det er merkeleg så dystert eg ser på å gjere noko slikt… Datamaskinen min, som er ein mac, står på døgnet rundt og brukast dagleg. Eg speler ikkje, men likevel klarer eg bruke fleire timar kvar dag på denne kraftfulle boksen. Og merkeligast av alt, eg gremmast for å skilja meg med han. Sjølv om det berre er for ein dag…

Merkeleg, sjukeleg eller heilt normalt?

3 Responses to “Shutdown”

  1. Vegard Says:

    blir vel neppe aktuellt for min del, eg bruke pcen heile tia på skulen. eg melde meg på i fjor, men vart ikkje noko av, gløymde det.

    PS. merkeleg at eg skriv nynirsk på din blogg, og ikkje på nokon andre sine:P

    Guds fred

  2. Geir Says:

    Eg høyrde ein gong ein “regel” om at du skal svare på same målforma du blir spurd på. Berre skriftlig riktig nok… :D

  3. Vegard Says:

    det gjeld vist nok innanfor kommunen.

Leave a Reply