Nærbø
April 12. 2008
Nå har eg gått på skule på Nærbø i snart to år. Og på denne tida har eg funne ut to ting. Ein som var ganske påfallande med ein gong eg byrja å reise fast til Nærbø, og ein som eg oppdaga for ei lita tid sidan, då eg kjørte til skulen.
Det første først: Været er alltid verre på Nærbø.
Det kan høyrast ut som ei trøst for de som ikkje ferdast rundt Nærbø, men for oss som kjem til Øksnevadporten for å ta toget til skulen, ei kald og våt morgon, er det ikkje oppløftande å tenke at det er verre på Nærbø. Eg trur ikkje det er noko metrologisk forklaring på dette fenomenet, men i rundt 95% av tilfella er været verre på Nærbø. Av og til ligg det ei tung og svart regnsky, berre over Nærbø. Og det er ikkje noko eg skriv for å gjere historia betre, slik er det. Ein kan stå på togstasjonen, snu seg 360 grader og sjå skyfri himmel få kilometer borte, men akkurat der du står regner det som aldri før. Nærbø har gitt meg dei største (og verste) opplevingane innan dårlig vær. Det er ikkje få gonger eg har vore gjennomblaut når har kome 50 meter frå døra på Tryggheim, på veg mot togstasjonen. Det skjer faktisk så ofte at eg vert ikkje overraska lenger, eg gidd ikkje bli sur ein gong.
Den andre tingen er at Nærbø har nokre gamle og dårlege bilistar.
Eg var ute å kjørte på Nærbø rundt klokka 12. Kjøreturen varte bare eit kvarter, men i løpet av dette kvarteret møtte eg tre stykk som oppførte seg svært merkverdig i trafikken. Eg skal byrje med den minst farlege og bygge det opp til eit lite klimaks, om ein kan kalle det det.
- Den første var ein kar som kjørte framfor meg. Han hold seg på den trygge sida og kjørte 30 i 50 sona og når han nærma seg ei rundkjøring, bremsa han ned i god tid og hold rundt 15 km/t gjennom rundkjøringa. Nei, han var ikkje spesielt farleg, men han var veldig irriterande.
- Den neste kom ut frå ein veg på høgre sida. På Nærbø går det ein veg rundt heile Nærbø som heiter ringvegen eller noko slikt. Denne er det forkjørsrett på. Mannen kom frå høgre, medan eg kjørte på denne ringvegen. Eg reknar med han såg meg fordi han såg i mi retning, men likevell bestemte han seg for å hive seg ut på vegen og akselerere i god “gamlefarstil”. Han tok eit spenstig val som gjorde at eg vart svært overraska og måtte ty til bremsa. Det mest skremmande var at eg hadde allereie opplevd den kommande historia og vart sjokkert over at det var fleire som var usikre på vikepliktreglane.
- Dette var ei dame som kom inn frå mi høgre side i ei rundkjøring. Ho var gamal, tok seg god tid og stoppa nærmast før rundkjøringa, noko som ikkje er unaturleg i og med at ho hadde vikeplikt for meg. Men når eg hadde kome halvvegs ut i rundkjøringa og syntes alt såg fint ut, heiv denne dama seg ut i rundkjøringa rett framfor meg. Det er greit at ho bumma litt på vikepliktreglane i rundkjøringar, men å hive seg ut rett framfor ein annan bil, berre fordi du trur at den bilen har vikeplikt for deg, er urimeleg og det finnest nok ingen unnskyldning god nok for slikt.
Etter å ha møtt desse tre i løpet av eit kvarter, var eg klar for at neste kjøretur skulle bli retta heimover og bort frå denne staden full av gamle, trafikkforvirra menneske.
Kort sagt har Nærbø gitt meg to erfaringar av den negative typen. Får bare håpe det kan brukast positivt ein gong ![]()



Leave a Reply