Candle Cannon

March 9. 2008

Eg tok ein liten titt på Youtube i dag og fann ein veldig imponerande video. Der er det eing gjeng som har lagd ein “luftkanon”, ikkje i same kategori som eit luftgevær, fordi denne kanonen skyt berre luft. Og det i store mengder, stor fart og lange avstandar. Eg let dykk sjå sjølve, her ligg videoen.

Sjå så massivt! Folk driv og lagar røykringar med munnen, men det er veldig mykje kulare når ringen er ein manns lengd i diameter og går godt over 180 fot (55 meter) med ein fart på 13,1 miles per time (21 km/t). Veldig stilig faktisk! I tillegg er det veldig morosamt når dei tester kor langt ifrå dei klarer å blåse ut lysa. Det er utruleg kor engasjert han blir, han som kjem hoppande framfor kameraet etter at lysa vert blåste ut. Veldig bra! Og den siste gongen, når dei har målt opp 180 fot, og musikken stansar, trur eg ikkje det kjem til å gå. Luftskya tek veeeldig lang tid for å kome bort til lysa, men dei klarer det altså… dei får kveikja lysa då òg. Som sagt, effektive som verkemidla var klarte dei å lure meg i eit par sekund.

For dei spesielt interesserte kan eg anbefale det som alle godt organiserte prosjekt har, ein “behind the scene” film. Denne kan du finne her. Det som er med denne er at den er ein smule festleg eit par gonger i løpet av dei 3 minutta og 26 sekunda festen pågår.

2 Responses to “Candle Cannon”

  1. Helen Says:

    kveikja - hm. Greide de å tenna lyså me en luftkanon? Eg tippe de slokte di eg;) Ellers - godt me galne folk i verden.

  2. Geir Says:

    Oi… det var litt grov feil. Må nok ha en liten “update” på mitt nynorske ordforåd…

Leave a Reply