Som kan eg sei at eg kjenne ingen forskjell. 17 er nesten som 18, bare at du kan sjå på dei du går i klasse med som ikkje har fyllt ennå og sei: “Ha, ha! Eg kan kjøpa øl og røyg!” Noge som strengt tatt ikkje er noge å skryta av. Men det eg kan skryta av er at eg sleppe å visa viktige beskjeda heima, eg trenge aldri spør om underskrift frå mor og far meir, og eg kan komma meg inn på ein del ting eg ikkje kunne før. F.eks. ein kvær plass med sjenkebevilgning, og då tenke eg ikkje for å drikka meg dritas, men fordi nogen sånne plasse har andre interessange ting med seg.
Det å bli 18 handle jo om bli voksen. Og min konklusjon, bassert på erfaringa og sånt, er at å bli voksen er å venne seg til ting du ikkje liker. Et eksempel er den klassiske kaffien. Eg tenkte at eg skulle begynne å drikke kaffi, fordi eg har aldri tenkt at det smaker så veldig vondt, men har aldri forstått poenget. Men ein dag eg var veeeeldig trøtt bestemte eg meg for å ta ein kopp kaffi. Og det er det verste eg har vore ute for. Det smakte vondt. Og følelsen var rar. Det kjentes ut som vatn, og det smakte litt vatn, men i mange undertoner kom den beiske smaken fram og beit meg i tunga samtidig som sjokket av at “vatnet” ikkje smakte vatn gav meg ein uggen følelse som utvikla seg til kvalme og særs rare følelsar i mage og resten av kroppen. Så kaffi smakar dårlig. Så dårlig at eg vil kalle det vondt. Og det er det er å bli voksen; å gjere ein haug med ting du ikkje vil, likar eller ser noko form for glede i.
Men for å være hundre prosent særiøs, så har eg ikkje tenkt å byrje å drikke kaffi, eg har ikkje tenkt å drikke verken øl eller vin (som og smakar dårleg i forhold til brus), det einaste eg skal gjere er å få lappen og kjøre bil.
Eg har forresten blitt veldig sart for skrivefeil. Når eg les noko legg eg med ein gong merke til om ein setning er bygd opp rart, eller om eit ord er skrive feil eller om det er begått ein grov å/og feil. For ein norsklærar er det sikkert nyttig, men for meg som berre les for moroskuld, og delvis for å lære noko, er det ikkje så interessant å bli avbroten av meg sjølv midt i ein setning fordi det som står på papiret er “…også gjekk mi ut i parken å leika…” Eg er ingen professor, og for alt eg veit har eg same feila sjølve, men eg legg betre merke til dei hjå andre. Øvrig er det berre dette siste avsnittet som er “rett” etter minst ei av målformene våre.
0 Svar til “Å bli voksen…”