Kven er Kaizer?

February 1. 2008

Kaizers Orchestra er eit litt sært band som var veldig kontroversielt når det først slo gjennom. Eg tenkte at for spenninga si skuld skal eg nemne nokre ting du kanskje ikkje viste om Kaizers…

  • Mr. Kaizer kom til lenge før Kaizers Orchestra, faktisk så vert det sendt ein takk til mr. Kaizer på den tredje utgivelsen til Janove Ottesen og Geir Zahl, under bandnamnet gnom.
  • Kaizer Orchestra spelar berre på Statoil sine oljefat. Kaizers har slik klart å skaffe seg ein sponsoravtale med Statoil. Så det som opptok Kaizers mest med samanslåinga av Statoil og Hydro, var kva for nokre oljefat dei skulle bruke.
  • “Kaizer-sounden” er basert på lydbiletet og identiteten til songen, ikkje på musikalsk perfeksjonisme. Det er difor det høyrast på grensa til falskt ut nokre gonger. Det handlar om særpreg.
  • Kaizers tener ufatteleg lite pengar, tross yrket deira.
  • Songen “dekk bord” var eigentleg ein barnesong Janove skulle ha på ei barneplate (som aldri vart lagd), men ein dag Geir fekk melodien på hjernen, kom teksten etter.

Grunnen til at skriv dette er at eg har skaffa meg boka “kontroll på kontinentet“, som er massiv bok. Den er svær som juling og tung som Kaizer-verdenen selv. Boka er å anbefale! Om du ikkje har noko form for interesse for Kaizers Orchestra, så bør du i alle fall ta ein titt i ho, for det er ei godt designa bok…
Det er riktig nok ein grunn til, det er tilfeldigvis den same grunnen for at no eig denne boka, nemleg at eg gler meg til den nye CD’en kjem ut. Bare titlane får meg til å gleda meg:

  1. Moment
  2. Apokalyps meg
  3. Den andre er meg
  4. Bastard sønn
  5. Maskineri
  6. Toxic blod
  7. 9mm
  8. Volvo i Mexico
  9. Enden av november
  10. Med en gong eg når bånn
  11. Kaizers 115. drøm
  12. Ond sirkel

Eg gler meg til 18. februar! Vis eg ikkje har Maskineri på iPoden om morgonen når eg går til toget, så bør eg ha ein veldig god grunn…

One Response to “Kven er Kaizer?”

  1. Bjørnar Says:

    Vilt bra bok det, Kontroll på kontinentet.

    Fascinerende historie. Mest overraskende for min del var hvor lite penger de tjener.

Leave a Reply