Albummånad

January 24. 2008

Den kommande månaden vert ei glede for meg, og for dei som tilfeldigvis likar å ha Kaizers Orchestra eller Leeland i øyrane.

For det som skjer er at begge to kjem ut med ny plate. Eg velde nok ein litt avslørande post-tittel og ein litt for informerande “ingress” til at det kom som eit sjokk, men slik er det nå likevel.

Kaizer kjem med si første plate sidan 2006 og det som er spesielt med denne plata er at dei sjølv har sagt at dei skal endre folks syn på Kaizers. Folk rundt om er stort sett samde om at Kaizers er best live, noko som dei sikkert er, men det skal dei endre på med denne plata. Den skal vise at Kaizers er meir enn pumpeorgel og oljefat. Korleis det vert er eg usikker på, men det eg er sikker på er at 18. februar er eg klar! Plata har forøvrig det veldig matcho namnet “Maskineri“, som er veldig Kaizers.

Leeland kjem ut med si andre plate. Det som er spesielt med denne (så vidt eg veit) er at det er den andre plata. Det er jo alltid den som skal vere vanskelegast. For dei som ikkje veit kven Leeland er, så er det ein gjeng gutar i relativt ung alder frå USA som på merkeleg vis fekk gitt ut ei plate i 2006 som tok USA med storm og vart nominert til ein Grammy. Det er ikkje dårleg for eit band der vokalisten og låtskrivaren var 18 (nå 20) år. Den nye plata deira heiter “Oppsite Way” og kjem i butikkane den 26. februar.

Eg må heilt ærleg kunne seie at eg er ein større Kaizers fan enn Leeland fan, for eg har vist at Kaizers skulle kome med ny plate i ca. 4 månader, medan eg fann ut at Leeland skulle kome med ny plate i dag, for ca. 20 minutt sidan.

Og som ein liten digresjon, og lite nyttig informasjon, så er dette første gong eg skrive ein post i Safari, standard nettlesaren til Mac.

Leave a Reply