Finurlige filmer

December 30. 2007

Kirkeby er eit verdsomspennande namn. Nyleg oppdage eg at det er ein viss Kirkeby med i produksjonen av “Pirates of the Caribbean: At World’s End”. Ho, for det er kvinne, heiter Samantha Kirkeby og er det som vert kalla “script supervisor”. Eg kan nok ikkje skryte av at eg slektar på ho, fordi dei einaste slektningane eg har i Amerika kjem frå den sida som ikkje heite Kirkeby, som vil seie sida til farmor. Men eit namn er nok. Meir enn nok for meg…

Eg fann ut ein ting til her ein dag. Det vart sendt “Bruce Almighty” på fjernsynet. Eg såg denne filmen på tross av at eg har sett han nok gonger frå før. Men det eg fann ut denne gongen eg såg han var at det er mange bibelsk korrekte ting. Filmen klarer faktisk å sette perspektiv på forskjellege sider av kristendommen.
For eksempel i ein scene der Bruce snakkar med Gud om det å få dama hans, Grace, til å elske ham. For som nokre av oss veit gav Gud oss fri vilje for å vere frie menneske, som er ein bra ting, men som hadde ein veldig kjip konsekvens. Me kan velje om me vill elske Gud. Så det Bruce seier er (fritt oversett): “Men korleis skal eg få nokon til å elske meg, utan å tvinge dei?” Og på det svarer Gud: “Finn du ut det, så fortel meg korleis.” Det er det som er så flott, i ein film full av humor og tull er det likevel eit småleg serriøst tema i bakgrunn.

Leave a Reply