Eg har relativt nyleg fått meg ein jobb. Eg sit i kassen på Mega (på Klepp), for dei som ikkje viste det. Men uansett, eg tener litt pengar, men det er ikkje enormt mykje fordi eg har lite fast arbeid. Men inntekter blir det jo. Det som skjer er at eg får pengar inn på kontoen, noko som fører til at eg ikkje treng tenkte på at kortet mit går tomt med det første. Men det som skjer er at eg glatt bruker 1000 kroner på ein månad. Stort sett er det bare tull, som cola og slikt, men av og til kjøper eg ein film eller to eller tre. Og resultatet av dette er at eg på tross av at eg jobbar og tener pengar, så vert eg ikkje rikare. Eg får fleire ting, men eg vert ikkje rikare.
Strengt tatt er det ikkje rikdom som er målet mitt, og eg har ikkje tenkt å bli rik av å jobbe på Mega. Det kan ta lang tid… Eg har sansen for elektriske ting. Ulempa med dette er at det er dyrt, men må ut med ein del pengar for å få noko skikkeleg. Og det står i sikte nå er ein PC. Eg vil ha ein stasjonær gaming-PC som eg slite med alt det lemmer og organ maktar. Det vil seie at eg vil ha ein maskin som kjøre et par heftige spel som kan ta opp tida mi. Er det noko eg har bruk for? Nei. Men det hjelp ikkje, eg vill ha det uansett.
Problemet mitt er at PC-en eg har i sikte er ein smule dyr. Og det tek eit par månader for å spare opp pengar til dette. Og det vanskelege er å ignorere kjøpelysta og spare. Faktum er at det er utruleg mykje kjekt ein kan få for 3000 kroner, som er under halvparten av det eg har tenkt å gi for ein PC.
Så eg håper på to ting:
1. At eg skal klare å spare slik at eg kan skaffe meg den PC-en eg vil ha.
2. At eg ikkje har lyst på den PC-en lenger og kjøper noko anna kjekt, som er billegare…
Du kan få kalle meg rar, du kan til og med få kalle meg sjuk, men slik er eg bare.
0 Svar til “Harde tider”