Av og til skjer det noko rart med PC-høgtalarane mine. Det er eit par gamle Altec Lansing som fulgte med PC-en me kjøpte rundt 1998. I de herlege åra med Windows 98. Men uansett, av og til lager disse ein merkelig pipelyd, litt støy og av og til litt fjern mumling. Eg har aldri visst kva dette var, men eg har nå fått ein anelse om kva det kan vere. Høgtalarane er gamle så det skulle berre mangle at dei levde evig, men det er nok ikkje noko gale med dei, tvert imot.
For me har ein nabo med ein kjempeantenne. Denne bruker han sikkert til å sende signaler rundt om, men poenget er at eg trur det er desse signala eg får inn i høgtalarane mine. om det er macen som tek dei opp elle høgtalarane veit eg ikkje. Men i og med at eg har vore borti same greia, då med teleslynge, så vil eg ikkje sjå det som usansynleg at det høgtalarane. Grunnen til at eg trur det er dette som skjer, er at i dag fekk eg seriøse “walky talky-tendensar” inn på høgtalarane mine. Det ein kar som innimellom nokre få pip snakka med svært bred jærdialekt.
Det er ganske festlig, men litt irriterande når eg prøver å høyre på musikk…
EDIT:
Nå er eg heilt sikker! I dag hadde han ein veldige samtale på høgtalarane mine. Det er ganske så spenstigt. Eg veit omtrent heilt sikkert kven det er òg. Kvifor skal eg ikkje seie, men eg veit det… Det som er er at eg berre kan høyre kva han seier, altså ikkje motparten, så eg får berre inn halve samtalen. Men, men det er veldig lite interessant uansett.
0 Svar til “Kontakt!”