Her ein kveld såg eg ein film med navn “Facing the Giants” som er ein middels bra film med ein utruleg god bodskap. Den handlar om “Coach Grant” som som er trener for et relativt dårlig amerikansk fotballag som slit med å vinne kampar dei burde vinne. Dei er kort sagt på botnen. På grunn av dette ynskjer skulen å bytte ut Grant med ein annan trenar fordi dei trur han er problemet. I tillegg til dette har han og kona økonomiske problem og finn etter kvart ut at dei ikkje kan få barn. Det høyrest kanskje ut som ein skikkeleg klisje, og det er det vel og. Men problema løysast på ein veldig uventa måte.

Coach Grant vender seg til Gud og ber om hjelp. Han legg heile livet sitt, alt arbeidet sitt i Guds hender og ber om hjelp. Dagen etter får han besøk av ein person som kvar dag går og ber for elevane på skulen. Han gjer Grant eit konkret svar på bønna hans, noko som er starten på eit nytt fotballag, ein ny skule og eit nytt liv for Grant.

Det som skjer er at dei byggjer fotballaget rundt Gud. Dei vel å rette fokuset mot Gud i staden for mot det å vinne kampar. Slik bruker dei fotballen til å prise Gud. I tillegg til dette finn Grant ut at laget treng eit heil-renovering, dei treng å endre synet sitt på ting. Dette gjer at det er meir enn berre kristne bodskap i filmen, det er og direkte svar på kva som skal til for lage eit god lag, ei samansveisa gruppe eller kva som helst.

Eg vil ikkje sei så mykje meir enn at det er ein film som ein burde sjå. Ikkje fordi den er actionfyllt og spanande, men fordi det er inspirerande og det ligg ein kraftig bodskap bak. Så om du klarer sjå bort frå alle klisjeane og alt som er litt “jalla” så er det ein knakande god film.

Og du treng ikkje vere redd for å ikkje forstå bodskapen, fordi det er ganske innlysande. Personen som avgjer kampen mot the Giants, heiter David. Hmm… symbolikk?

2 kommentarar

  1. hehe, det hørres ud som enn bra film:-)
    kjekt å se du holle liv i bloggeverden!

  2. Ja eg prøve så godt eg kan… :D


Skriv ein kommentar

*
*